MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Meir skugge frå høghus i nord (11.7.02)

getfile1.jpg
Dei to høgblokkane på Gløshaugen skaper vindproblem for sykkelparkerande studenter, hevdar arkitektprofessor Øyvind Aschehoug.

Høghus kastar lenger slagskygge jo lenger nord ein kjem. – Høgblokker kan endre lokalklimaet totalt for naboar som hamnar i skuggen, åtvarar professor Bjørn Røe ved institutt for by- og regionplanlegging.

Bør ein få bygge nye høghus i Trondheim by? Adressa har skrive om dette i fleire reportasjar den siste veka. Høvet er planar om å sette opp ein 16 etasjars blokk i Ila. Naboane protesterer heftig.

Arkitektprofessor Øyvind Aschehoug minner om at slike hus har fleire problematiske sider.
– Vinden er ei av dei. Høghus pressar vinden ned langsmed bygningen, slik at det kan verte utriveleg for folk på bakken. Sjølv har eg kontor i 12. etasje i Sentralbygg 1 på Gløshaugen. Stundom bles syklane over ende grunna lokal turbulens.

Slagskugge
Øyvind Aschehoug minner dessutan om at blokkar kastar skugge.
– Dette problemet vert større jo lenger nord ein kjem og jo lågare sola står på himmelen.

Bjørn Røe tek tak i skuggeproblematikken.
– Planleggjarane har ein tendens til å gløyme slagskuggen. Om ein har låghus aust eller nord for ei blokk, får ein heile lokalklimaet endra for dei som bur der, fordi dei hamnar i skuggen og misser til dømes ettermiddagssola. Dersom dette er tilfelle i Ila, så har man klart å øydeleggje for alle dei andre. Skuggeeffekten vert større jo meir området bak blokka skrånar.

Trondheim skyline
Ein annan diskusjon er om høghus er egna for barnefamiliar.
– Det er nesten global einsemd om at høghusa ikkje er egna for barnefamiliar, grunna vanskar med kontakt mellom foreldre i leilegheitene og barn som er ute og leiker, seier Røe. – Men når det gjeld eldre, kan dette derimot vere ein effektiv buform.

Ein annan viktig diskusjon er det byarkitektoniske.
– Her er det mange som meiner at "skyline" – det biletet ein har av byens silhuett er særs viktig å take vare på. Ut frå denne posisjonen eignar høghus seg bare i særskilde områder, seier professor Røe, og minner om at om ein observerer Trondheim frå sjøen er siloane i Ila mykje meir synlege, og karakteristiske for byens silhuett enn til dømes Nidarosdomen.

Professor Røe ber kommunepolitikarane å ta seg i akt.
– Mitt råd er at Trondheim kommune ikkje bør gjeva klarsignal før ein har tatt ein grunnleggande diskusjon om kva plass høghus bør ha i byutviklinga.

Les meir om byggeskikk i Adressa

Av Tore Oksholen