MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Sommar: Høgsesong for spam (5.8.02)

Ferietida nærmar seg slutten. På jobb-PC'en ligg store mengdar elektronisk boss og ventar. Automatisk melding om feriefråver gjer det verre. Men å sette opp filter er inga enkel sak.

Massereklame via epost – spam – er eit aukande problem. For mange startar arbeidsdagen med sletting av masseutsendingar som reklamerer for Viagra, større penis og kjapp veg til rikdom. Etter nokre veker på ferie erfarer tilsette at det går med timar til å rydde arbeidsstasjonen for elektronisk boss.

Med bruk av automatisk svar om feriefråver til sendarar av epost, kan ein risikere kraftig forverring av problemet. Årsaka er at når avsendarane får svar, vert adressa di oppgradert til aktiv mailadresse – her er det ein operativ adressat som faktisk svarer! Dermed fyk meir spam inn i postkassa.

Filter
– Det einaste mottiltaket er å sette opp eit eige spamfilter, seier Aslak Ege ved Orakeltenesta. – NTNU sentralt korkje kan eller vil ta på seg denne oppgåva, fordi ein risikerer å filtrere bort post som nokre tilsette faktisk ønskjer å ta imot, seier Ege.

Dei NTNU-tilsette som fortsett ønskjer å ha tilgang til nye forlokkande tilbod om lengre penis og piller for eit meir aktivt sexliv, har dermed ikkje noko å frykte.

Gav opp
Teoretisk sett er framgangsmåten denne: Du må legge ein spesiell katalog på rota av heimekatalogen din på serveren du er tilknytt. Det er her filtreringa skjer. I denne katalogen skal du så skrive inn søkeord for å identifisere uønskt epost. Dersom du til dømes skriv inn "size", ryk penisreklamen. Skriv du "mortgage", blir du venteleg kvitt mykje "bli-rik-i-ein-fart"-reklame. Og så bortetter.

Dette filteret kan også nyttast til å innføre automatisk sortering i eigne foldarar, ut frå avsendaradresse.

Likevel: Å sette opp eige filter krev ein god del datakompetanse. Faktisk så mykje at underteikna, trass i langvarig rådgiving over telefon frå Ege, måtte avslutte arbeidsdagen med uforretta sak.

Men vi prøver att i morgon.

Tirsdag: Nå fungerer filteret. Men det er avhengig av kontinuerleg oppdatering: To mailer sneik seg forbi i natt.

Av Tore Oksholen