Som einaste universitet i landet har NTNU valt å omsetje gamle talkarakterar til bokstavar for studentar som framleis held på med studia. Dei tre andre universiteta gjer det ikkje.
Ei rundspørring ved dei andre universiteta syner at dei vil la gamle talkarakterar stå. På Universitetet i Oslo sine nettsider kan vi lese at "det vil imidlertid ikke bli foretatt noen omregning av gamle karakterer til bokstavkarakterer. Det betyr at studenter kan få en blanding av tall og bokstaver på sine vitnemål og karakterutskrifter."
Universiteta i Bergen og Tromsø har valt same løysing.
- Dette kan gje pussige utslag når studentar skal takast opp til hovedfagsstudium med avgrensa inntak. Men i slike tilfelle vil vi nok heller ta opp fleire studentar enn vanleg, seier rådgjevar Edmund Utne ved Kontoret for studiekvalitet, Universitetet i Bergen.
- Det vert vanskelege vitnemål i ein periode, men det er likevel best, når ein tenker på alternativa, seier studiedirektør Ingrid B Salvesen i Tromsø.
Av Tore Oksholen
For studenten Bjørn Steinar Stav fall NTNUs omrekningsmetode særs uheldig ut.