Eit nytt sentralt spamfilter er teken i bruk ved NTNU. Filteret stopper om lag ti prosent av den totale mengda med e-post. Mykje boss slepp likevel igjennom.
Filteret fungerer slik at bossposten vert stoppa før den vert sendt, ved at avsendaren vert avvist fordi han står på ei svarteliste.
- Vi jobber med fleire, og strengare, filter, fortel overingeniør Steinar Hamre ved IT-seksjonen. - Problemet er at det kan kome ramaskrik viss for mykje forsvinn. Alle spamfilter vil også stoppe reell mail. Og avsendarane blir stadig flinkare til å sjå ut som vanleg e-post, seier han.
Ein må dessutan ta omsyn til at einskilde - ut frå både faglege og personlege grunnar - ønskjer å få mail som dei fleste oppfattar som spam.
- Vi kan ikkje kaste mail som har orda marketing, financing, sex, viagra, og liknande, seier Hamre.
Merka, men ikkje sletta
Flommen av elektronisk boss aukar på. Ei av dei løysingane som nå vert vurdert, er at all spam vert merka på vegen inn, men ikkje sletta. Dermed kan mottakaren oppretta ein sorteringsmekanisme som automatisk sender merka mail til ei separat postkasse, og så gå inn i denne postkassa om han eller ho ønskjer det.
Av Tore Oksholen