MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Vart snytt for laud (8.8.02)

bjorn_stav.jpg
Student Bjørn Steinar Stav fortel at han har vurdert å gå rettens veg for å "få tilbake" karakteren B.

Bjørn Steinar Stav hadde laud i filmvitskap mellomfag. Dette gir bokstavkarakteren B. Men endra prinsipp for omrekning gjorde at B vart til C.

NTNU gjekk som første universitet over til bokstavkarakterar frå hausten 2001. For aktive studentar tydde dette at ein fekk både tal og bokstavar. Talkarakterane frå passerte eksamenar skulle bli oversett til bokstavar. Det vart utarbeidd ein konverteringstabell for korleis dette skulle skje. Såleis vart det på HF og SVT-fakulteta slik at A dekka karakterer til og med 2.2, medan B dekka 2.3 til 2.5, og C 2.6 til 2.7 (D går frå 2.8 til 3.0 og E frå 3.1 til 4.0. F er stryk).

Endra snittkarakterar
Det er når snittkarakterar skal omsetjast frå tal til bokstavar, at problema oppstår. For: Snittkarakteren du måtte ha blir ikkje omsett direkte – at eit 2.4 frå eit mellomfag blir altså ikkje automatisk omsett til B. Metoden som Studieavdelinga føretrekk, er at ein går tilbake til karakterane frå kvar einskild deleksamen, omset dei til bokstavar, og så reknar seg fram til eit nytt gjennomsnitt.

Sidan bokstavkarakterane er langt færre – fem for å vere presis – enn dei gamle talkarakterane som gjekk frå 1.0 til 4, kan det matematiske resultatet av omrekninga endre seg, slik at ein passerer grensa til nabokarakteren. Dette kan slå begge vegar – ein B kan bli til ein A, eller ein C.

Det er ei det siste tilfellet, kor studentar, på grunn av det som verkar å vere matematisk slump, ender opp med ein dårlegare karakter, at protestane kjem.

– Vi meiner at dette er mest rettferdig, seier seksjonssjef Knut Veium ved Studieavdelinga. Han legg til at dette ikkje er endeleg avgjort, men er ei sak som vil bli grundig diskutert neste veke.

Søksmål?
Forverra karakter kan i verste fall føre til at ein ikkje får jobben eller studieplassen ein søkte på. Stav fortel at han har vurdert å gå rettens veg for å "få tilbake" karakteren B.

– Det kjennest som å stange hovudet i veggen, og er svært frusterande. Men eg let det vere, sidan eg har teke hovudfag i same emne og det er den karakteren som er viktigast, seier Stav.

Veium vil ikkje kommentere om ein der har vurdert risikoen for rettslege søksmål frå studentar som vil ha karakteren sin tilbake.

Seksjonssjef Ola Furre ved HF-fakultetet seier at HF er sterkt kritisk til Studieavdelinga sitt val av prinsipp for omrekning. – Vi meiner vanleg sunn fornuft skulle tilseie at snittkarakteren vart omsett direkte. Vi har teke dette opp med Studieavdelinga.

Av Tore Oksholen

Reglane
I eksamensreglementet, paragraf 22, vert prinsippet for utrekning av snittkarakter forklart slik:
1. "Hver bokstavkarakter erstattes av en tallekvivalent, A=5, B=4, C=3, D=2, E=1.
2. Tallekvivalenten multipliseres med vekttallet for eksamensemnet og de enkelte produktene av vekttall og tallekvivalent summeres for de emnene som inngår.
3. Produktsummen divideres med totalt antall vekttall som inngår i samlingen av aktuelle emner.
4. Kvotienten regnes ut med én desimal.
5. Gjennomsnittskarakteren blir den bokstavkarakteren som har heltallet i kvotienten som tallekvivalent, etter at vanlig forhøyningsregel er brukt."