- Ein fordel i konkurransen på arbeidsmarknaden, seier Magne Rekvig (24) frå Geilo. Han er ein av 13 som har valt forskarlinja på medisinutdanninga.
Det er store kull med medisinstudentar for tida, og mange vil kome ut i jobb i åra som kjem. Då gjeld det å ligge eit steg framom i konkurransen, meiner Rekvig.
Oppstarten for forskarlinja vart markert mandag føremiddag. Professor Alf Brubakk nytta høvet til å fortelje kva som skal til for å bli ein god forskar.
- Må vere modig
- Du må ha tru på å lukkast. Og då må du vere modig og ha evne til å tåle motstand. Så er det viktig å vere nyfiken, og vite å stille gode spørsmål, sa Brubakk, før han la til: - Det er dessutan viktig å ha flaks. Flaks kjem gjerne til den som er godt budd.
Brubakk nemnte tre argument for at vi treng ei forskarlinje:
Vi får legar som kan vurdere og evaluere forsking.
Det trengst fleire medisinarar som interesserer seg for forsking.
Forsking løner seg karrieremessig.
Arbeidskrevjande
Rekvig er ikkje sikker på om han endar opp som forskar. - Eg er open for det meste, seier han.
Forskarutdanninga krev to år med ekstra utdanning. Men studiet er bare eitt år lengre. Det andre ekstraåret vert fordelt over heile studietida. Desse studentane får med andre ord ikkje fritidsproblem dei næraste åra.
- Orkar du dette?
- Dersom det er interessant, er det ikkje så farlig med stort arbeidspress. Men dersom eg finn at studiet er bare trist og kjedelig, hoppar eg av, seier Magne Rekvig.
Meir stipend
Det er gitt pengar til å opprette forskarlinje ved alle de fire medisinske fakulteta frå hausten 2002. Forskarlinja skal være et tilbod til studentar som er spesielt interessert i medisinsk forsking og ei framtidig forskarkarriere.
Fakultetets oppstart og drift av forskarlinja er finansiert gjennom ei tildeling frå Utdannings- og forskingsdepartementet. For år 2002 er fakultetet tildelt tre millionar kroner gjennom NTNU til dette formålet.
Den ekstra studietida vert finansiert gjennom studentstipend (85.000 kroner året) og sommarstipend (40.000 kroner per sommer) frå området Medisin og helse i Norges forskingsråd.
Dermed får ikkje studentane høgare studielån enn ved ordinært medisinstudium.
Tekst og foto: Tore Oksholen