MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Mot blått hav i Arktis (22.8.02)

toforskere 2.jpg
Professor emeritus Yngve Espmark, NTNU (til høgre), leiar arrangementskomiteen saman med professor Rolf Langvatn, Universitetsstudia på Svalbard (UNIS).

gammelsroed.jpg
- Isen i Arktis er redusert med 10 prosent sidan 1978, seier professor Tor Gammelsrød ved Universitetet i Bergen.

KONGSVOLL: Det kan bli blått hav i Arktis allereie ikring år 2050. Dette kom fram under eit pågåande internasjonalt symposium om livet i og omkring Nordpolen.

Korleis vil livet i Arktis bli påverka av klimaendringane? Dette var eitt av spørsmåla teamet av forskarar frå USA, Canada, Storbritannia, Sverige og Norge hadde sett seg føre å diskutere gjennom det fire dagar lange symposiet på Kongsvoll. Med Dovre i byrjande haustprakt omkring sat eit tjuetals geofysikarar, biologar, oseanografar med fleire, seg ned for å få på bordet kva ein veit om rammevilkåra for livet på dei nordlegaste breiddegradane.

Om Arktis er inne i ein varme- eller kuldeperiode, kjem an på kva for tidsperspektiv ein legg. På lang sikt er det mulig å sei at ein er på veg inn i ei ny istid - isen på Svalbard har til dømes auka ein god del dei siste 1600 åra.

Akselrerande nedsmelting
Men i eit kort perspektiv er isen på veg tilbake. - Sidan 1978 er den arktiske isen redusert med 10 prosent, fortalde professor Tor Gammelsrød ved Institutt for geofysikk, Universitetet i Bergen.

- Det er tale om ein sjølvforsterkande prosess. Isen reflekterer sollys. Når den først er på retur, vil meir sollys treffe havet, som vert varma opp, og akselererer nedsmeltinga.

Nordvestpassasjen opna
Såleis kan dei yngste av oss bli i stand sil å segle Nordvestpassasjen utan å støyte på is.

- Mykje tyder på at ein kan opne ei ny skipsrute sommarstid mot slutten av hundreåret, sa forskar Helge Drange ved Nansen senter for miljø og fjernmåling i Bergen. Modellane han har brukt tyder på at dette kan skje innan ein periode på 50 til 80 år.

Isen i Arktis har breidd seg mykje meir ut i tidlegare tider. I 1881 var heile Island omslutta av is, noko som førte til at svært mange islendingar emigrerte til Amerika. Samstundes var isen heilt inne på Finnmarkskysten.

Mellomistida mot slutten
I det store biletet har Jorda vore gjennom ei rad istider. Mykje tyder på at vi nå er på slutten av ei mellomistid. Dette handlar om astrofysikk - tilhøvet mellom jordaksen og Sola.

Mykje tyder på at golfstraumen er i ferd med å bli svekka. Utan varmen som den transporterer inn langs Norskekysten, ville det vore ti grader kaldare her. Spørsmålet er då om korleis dette vil slå ut regionalt her hos oss. I følgje professor Gammelsrød er den generelle oppfatninga mellom forskarane at også Norge vil oppleve ein netto oppvarming, sjølv når ein svekka golfstraum vert inkluderta i reknestykket.

Menneskeskapt?
Er den globale oppvarminga menneskeskapt? Forskarpanelet poengterte sterkt at dette er det mykje uvisse om. Det er mange komplekse faktorar som spelar inn. Jordmagnetismen er ein av dei. Redusert magnetisme gjer kloden meir sårbar for kosmisk stråling, og dermed auka oppvarming.

Her kunne professor Asgeir Brekke ved Nordlysobservatoriet, Universitetet i Tromsø, fortelje at jordmagnetismen er redusert med 10 prosent dei siste 200 åra.

Drange kommenterte at den globale oppvarminga dei siste 20 åra vanskeleg kan forklarast ved naturlege variasjonar åleine.

- Men i alle høve ligg det ein plikt på menneska å handsame naturen på ein etisk god måte, poengterte professor Rolf Langvatn ved Universitetsstudia på Svalbard. Her fekk han tilslutning frå samtlege forskarar.

Tekst og foto: Tore Oksholen