MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

- Du skal ikkje kjede ungar (29.8.02)

gjellan.jpg
- Tal ikkje barnsleg til ungar, åtvara Newtonsjef Sigrid Gjellan.

logo.jpg
Den 26. september vert det arrangert Forskingstorg i Trondheim igjen.

- Du skal aldri kjede ein unge. Korkje som forskar eller journalist. Det var bodskapen frå ein lett nervøs NRK-sjef Sigrid Gjellan til deltakarane i Forskingsdagane 2002. Søndag haustdebuterer "Newton" på TV.

Gjellan leiar den nye redaksjonen som produserer NRKs populærvitskaplege magasin for barn, Newton. Redaksjonen vart flytta frå Oslo til Trondheim i sommar, og gjekk samstundes gjennom full utskifting av staben.

Den 1. september debuterer den nye redaksjonen. Første programmet skal handle om minnet og evna til å orientere seg. Gjellan kunne fortelje at det er ein spent stab som ventar på folkets dom.

- Ikkje undervurdere
- Du skal aldri undervurdere ein unge. Du skal aldri kjede, og du skal aldri snakke til ungar på ein barnsleg måte. Det hatar dei. Barn avslører oss dersom vi vert belærande. Dei gjennomskodar lett velmeinte forsøk på å lure inn kunnskap, sa redaksjonsleiaren.

Newton skal i første rekke vere underhaldande. Om ungane lærer litt i tillegg, er det fint, men ikkje noko krav.

- Derfor kjem vi aldri til å gjenta fem gonger i løpet av sendinga at PI = 3.14. For mykje informasjon er alltid feil.

Tenne gnist
Sigrid Gjellan var invitert til å innleie til avspark for Forskingsdagane 2002. Den 26. september vert barn og unge invitert til Forskingstorget på Torget i Trondheim. Deltakande forskarar var møtt fram i rikt monn.

- Målet er å tenne ein gnist hos unge som vi har lyst til å sjå att seinare som studentar og forskarar, sa informasjonsdirektør Anne Katharine Dahl.

Dagleg leiar ved Vitensenteret, Atle Kjærvik, rådde dei deltakande forskarane til å bruke få ord.

- Tre setningar er for mykje. Ungane miser tolmodet og spring forbi, åtvara Kjærvik.

- Helst bør ungane fatte bodskapen intuitivt.

Vite meir
Leiaren for Vitensenteret oppfordra elles forskarane til å lage stand som appellerer til både jenter og gutar. Vidare er det viktig med tiltak som aktiviserer ungane, gjerne gjennom konkurranser. Om ein i tillegg byr fram eitt eller anna som dei kan ta med heim, til dømes sjøllaga papirfly, er det enno betre.

- Det viktigaste er likevel dette: Ungane må ha lyst til å finne ut meir, sa Kjærvik.

Tekst og foto: Tore Oksholen


Forskningsdagane skal markerast over heile landet.