For første gong i Norge er ei eiga topputdanning i samfunnsvitskap og medisin opna. – Mastergraden skal gi nye pedagogiske utfordringar. Det sa dagleg leiar ved Institutt for sosialt arbeid og helsevitskap, professor Jan Tøssebro.
Det nye studiet vart offisielt opna i går, måndag, med dekanar og rektor til stades.
Mange har vist interesse for det nye studiet. Av i alt 93 søkarar blei 20 tatt opp denne hausten.
Rekruttering
Målet med mastergradstudiet er mellom anna å sette helse, helsearbeid og omsorg inn i eit samfunnsvitskapleg perspektiv. Slik skal ein fremje rekruttering og utdanning av forskarar og undervisningspersonale innan helse.
Den nye mastergraden er ein av dei første etter Kvalitetsreformen. Den er resultat av eit samarbeid mellom Det medisinske fakultet og Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing. Vertsinstitutt for udanninga er Institutt for sosialt arbeid og helsevitskap.
Professor Tøssebro nytta høvet til å snakke om dei pedagogiske utfordringane graden byr på.
– Eg vil minne om at mykje av pedagogikken veks fram i studentgruppene. Det er her læringa vert til, sa han.
Av Tore Oksholen