MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

- Vi forstår ikkje republikanarane (11.9.02)

- Avstanden mellom USA og Europa aukar. Vi her på berget har spesielt store problem med å forstå korleis republikanarane tenker, seier professor i statsvitskap Torbjørn Knutsen.

Professor Knutsen har internasjonal politikk som spesialområde.

I Europa vert ein stadig meir uroleg over kva ein oppfattar som eit aggressivt USA. Professor Knutsen er ikkje i tvil om at avstanden mellom USA og Europa har auka etter det som på folkemunne i USA bare vert kalla "nineeleven".

Torbjørn Knutsen.
Hatar Bush
- USA er mykje ulikt. Det har vi lett for å gløyme. Mange amerikanarar hatar Bush, og dei er sterkt imot politikken han fører. Dette ser vi ikkje, for vi talar om "Amerikanaren" som éin person.

Flyangrepa 11. september i fjor har gjort tydelegare at det går eit skilje mellom demokratar og republikanarar i sentrale politiske spørsmål. I grunnleggjande spørsmål om marknadskreftene skal råde fritt, og om dei fattige har skulda for at dei er fattige, fell demokratane ned på same side som europearar flest, medan republikanarane i hovudsak er meir reine liberalistar. Dette synet får følgjer for utanrikspolitikken. Fattige statar må bere skulda for fattigdomen sjølv.

"Ikkje sosialkontor"
President Bush sin spesialrådgjevar Condolezza Rice sa det slik under valkampen: "USA skal ikkje vere verdas sosialkontor." Dette grip essensen i republikanaranes syn på utanrikspolitikk og fattigdom, seier Knutsen.

Meir militaristiske
Republikanarane er gjennomgåande:

  • meir militaristiske
  • meir isolasjonistiske
  • meir religiøst fundamentalistiske.

    - Republikanarane er raskare med å gripe til våpen når forhandlingar strandar. Ein kan godt gå inn i samtaler med interesse og ønske om kompromiss. Men i det augneblink ein kjem til at motparten viser vond vilje, er vegen til militær løysing ikkje så lang, seier professor Knutsen.

    Høgreradikal
    - Ville USA gått til krig i Afghanistan dersom demokratanes Al Gore hadde blitt president i staden for Bush?

    - Mykje tyder på det. Ein var kome så langt at militær aksjon stod fram som einaste alternativet stilt overfor Al Queda. Men der vi kunne sett skilnad, er i innanrikspolitikken. Bush har nytta "nineeleven" til å få gjennomslag for ein høgreradikal politikk i USA - ein politikk mange amerikanarar er sterkt i mot. Dette har vi vanskeleg for å sjå her heime på berget, fordi vi ikkje ser nyansane, seier professor Torbjørn Knutsen.

    Tekst og foto: Tore Oksholen

  •