Vanskelegare å få studentvisum til USA
(11.9.02) Eit nytt system for sporing og overvaking av utanlandske studentar i USA er under innføring. Allereie har det blitt dyrare og tek lengre tid å få visum til USA. Det amerikanske senatet vedtok lova "The Patriot Act" i oktober i fjor. Den gav beskjed om å forsere innføringa av systemet.
The Student and Exchange Visitor Information System (SEVIS) er ein internettbasert programvare som er utvikla av amerikanske immigrasjonsstyresmakter. SEVIS sporer og overvaker såkalla "non-immigrant" studenter - med F- og M-visa, og utvekslingsbesøkande - med J-visa.
SEVIS har vore planlagd ei tid, men den såkalla Patriot Act kravde at systemet skal vere fullt iverksett innan januar 2003.
Vanskelegare å kome inn
I universitetskrinsar fryktar ein at SEVIS skal gjere det vanskelegare for elles kvalifiserte studentar å kome inn i USA. Ein artikkel i avisa Chronicle of Higher Education tek opp dette problemet.
Ti dagers venting på visum
- Det har blitt dyrare og tek lengre tid å få visum til USA. Elles er det enno ikkje så problematisk. Rett nok har marin-studentar som skulle til MIT for å jobbe på hovudoppgåva si, hatt ein del problem, med det har ordna seg no.
Det seier Dale Licata, førstekonsulent i Studieavdelinga ved NTNU, Internasjonal seksjon.
Ho fortel at den amerikanske ambassaden i Oslo no brukar rundt ti arbeidsdagar på å sjekke ein visumsøkjar, medan du før kanskje kunne få visum på dagen. Det har og vorte dyrare - 65 dollar no mot 45 før.
Verre frå nyttår?
- Men elles trur eg ikkje norske studentar vil ha større problem med å få visum, enn tidlegare, seier Licata. - Det står att å sjå kva som skjer når Sevis vert innført for fullt frå nyttår.
Barmak Nassirian, visedirektør ved The American Association of Collegiate Registrars and Admissions Officers, tviler på effekten av SEVIS. Straks ein er kome inn i landet, har styresmaktene liten kontroll på kor ein er til einkvar tid, seier Nassirian til Chronicle of Higher Education.
"Dette blir som å sette ei ståldør inn i ei råtten dørramme", legg han til.
Høg dollarkurs -
Denne hausten er det om lag 50 NTNU-studentar på utveksling i USA. I fjor haust var det 90, men Licata trur ein del av forskjellen kan forklarast med den høge dollarkursen. Dollaren kosta nesten ni kroner då studentane dreiv og bestemte seg for kva for eit utland dei ville til.
- Ikkje så urimeleg å anta at studentane heller søkte seg til billegare land, meiner Licata. - No er dollarkursen attende på 7,50, så no får vi sjå kva som skjer.
- men også angst
- Men med ein halvering i antall søknader til USA sidan i fjor, må vi og rekne med at 11. september har hatt ein verknad, trur Licata.
Også talet på dei som ville til Australia, sank frå i fjor til i år.
Av Lisa Olstad og Tore Oksholen Les meir om SEVIS her. Les også:
NTNU-student i USA 11/9: Auka framandfrykt
|