Språket under 200 000 år gammalt
(4.10.02) Det er ikkje meir enn 120-200 000 år sidan mennesket starta å snakke. At forskarane har kome fram til dette, skuldast at ein i fjor fann ein svært spesiell skavank hos ei engelsk familie. |
Forskarane har funne ut akkurat kor i hjernen disposisjonen for språk ligg. |
Det seier den kjende hjerneprofessoren Per Andersen ved Universitetet i Oslo.
Professor Andersen talte onsdag om hjernen under eit ”kickoff-seminar” for senteret for biologisk minne, som nyleg vart ”Senter for fremragende forskning”.
Hjerneprofessoren fortalde mellom anna historia om korleis forskarane vart sett på eit nytt spor i jakta på språkets vogge.
Vanskeleg å forstå tale
Iranskfødde Fateme Varga-Khadem har ei svært sjeldan liding. Den er så sjeldan at den vert delt berre av den næraste familien hennar – pluss av eitt anna individ i Storbritannia, ein gut. Lidinga gjer det særs vanskeleg og til dels umogleg å bruke og forstå tale.
Ved å samanlikne familien sitt arvestoff med arvestoffet hos eit anna individ med same problem, fann forskarane at årsaka var å finne i einskildmutasjonar på to kromosom på eit gen.
Sagt svært forenkla: Dei to mutasjonane gjer at ”brytaren”’ som ”slår på” nedre del av andletet, ikkje fungerer som den skal. Dermed får personen vanskar med både kontrollen og forståinga av aktivitetane rundt munnregionen.
6 000 generasjonar
Desse to mutasjonane har gjort det mogleg for forskarane å finne ut akkurat kor i hjernen disposisjonen for språk ligg. Dermed kan ein telle seg bakover i mennesket si historie, og rekne ut kor mange generasjonar det trengst for å utvikle denne disposisjonen.
– Ein har kome fram til eit svar på om lag 6.000 generasjonar. Dette tilseier eit spenn frå 120.000 år til oppunder 200.000 år, sa professor Andersen.
Av Tore Oksholen |