MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Kranglefantar blir problemløysarar (18.10.02)

På Dragvoll lærer ein å problematisere. Nå skal dei lære seg å løyse problema også: "Ekspertar i team" kjem til dei frie faga.

Ekspertar i Team (EiT) er eit tverrfagleg prosjektemne på 2.5 vekttal. EiT er obligatorisk for alle studentar på det som fram til no har heitt "sivilingeniørstudia". Studentane arbeider i tverrfaglege grupper med ein open og uferdig problemstilling. Kvar einskild student tek med seg sin spesifikke kompetanse inn i prosjektet, og ein arbeider mot eit felles produkt.

- Matnyttig, er studentane sitt argument for Eksperar i Team. - Sosial læring, svarar instituttleiar Gunnhild Åm Vatn. F.v. Vatn, Annette Dolva, Anne Kari Olsen og Herborg Haugen.
Kurs på tvers<
No skal også studentane innan humaniora og samfunnsfag få tilbod om EiT. Dette vert tradisjonelt kalla "dei frie faga," og har ein annan og mindre strukturert arbeidsform. Samstundes er det tradisjon innan desse faga for å halde fokus på analysere, å avdekkje skjulte strukturar osb.

- Ein kan nok seie at vi på Dragvoll er spesielt gode på å problematisere. Gjennom EiT får ein trening i å bli løysingsorientert, seier instituttleiar Gunnhild Åm Vatn ved Institutt for språk- og kommunikasjonsstudiar. Vatn er leiar for eit delprosjekt med tittelen "Internett-basert kvardagskommunikasjon."

Hente ut det beste
- Vi legg vekt på læring som ein sosial aktivitet. Gjennom å jobbe saman, hente ut det beste i seg sjølv og dei andre i gruppa, tek ein til seg mykje fagleg kunnskap, ved sidan av den sosiale treninga dette byr på, seier ho.

Universitetsavisa var med då Vatn presenterte EiT for tre studentar på grunn- og mellomfagsnivå. Anne Kari Olsen (21) studerer språkvitskap, og har grunnfag psykologi frå før. Annette Dolva (23) har mellomfag i nortdistikk, medan Herborg Haugen (25) har mellomfag i fransk. (Ein ser helst at studenten har minst eitt mellomfag på førehand, for å ha tilstrekkeleg fagleg kompetanse.)

Matnyttig
Alle tre studentane legg mest vekt på det matnyttige ved tilbodet.

- Eg ser på dette som eit høve til å bu seg på yrkeslivet, seier Haugen.
- Men eg lurer på kor mykje tid dette vil ta.

Vatn svarer med at det nok et ein del tid – mykje fordi studentane opplever det som svært engasjerande.
- Etter kvart som gruppene kjem ordentlig i gong, vil ein nok oppleve at prosjektet fargar kvardagen.

- Arbeide kollektivt
- Eg trur EiT vil legge press på studentane til å jobbe kollektivt. Ein vert aktivisert på ein heilt annan måte, seier professor Bjørn Alterhaug ved Institutt for musikk.

Alterhaug fortel at ein ved instituttet har ei viss røynsle med å jobbe på tvers.
- Vi ser at dette verkar til å frigjere det maksimale potensialet eit menneske og ei gruppe måtte ha. Derfor set eg svært stor pris på at no også Dragvollstudentane får dette tilbodet.

Tekst og foto: Tore Oksholen

Her finn du EiT sine heimesider.