MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Forskar utan skatt: Sju av ti NTNU-arar til USA (22.10.02)

Akademikarar frå NTNU vil bare til USA, medan nesten ingen vil til EU-land. Skattefritak er grunnen.

Av 133 vitskapleg tilsette (fast tilsette pluss stipendiatar) ved NTNU som forskar og underviser i utlandet dette året, er 85 i USA. Det tyder at nær sju av ti tek vegen over Atlanteren.

Ei viktig forklaring på at det er slik, ligg i dei gunstige skattereglane som eksisterer mellom dei to landa. Her gjeld nemleg fullt skattefritak. Norske forskarar i USA betaler ikkje ei krone i skatt. Ordninga er godt kjend i miljøa, og gjer at mange mykje heller vil til USA enn til dømes eit EU-land.

Vilkåret er at ein får formell invitasjon frå ein godkjend amerikansk lærestad.

FAKTA

Vitskapleg tilsette ved NTNU i utlandet
USA 85
Australia 10
Frankrike 9
Italia 5
Canada 4
Storbritannia 4
Spania 3
New Zealand 3
Tyskland 2
Irland 2
Tyrkia 2
Japan 2
Sverige 1
Estland 1

Særstilling
Bakgrunnen for ordninga er Marshallhjelpa etter siste verdskrigen, der ein av intensjonane var å få fart på den akademiske utviklinga i Norge.

USA står i ei særstilling når det gjeld gunstige skattereglar for akademikarar. I nokre land, som til dømes Storbritannia, er forskarar som arbeider der i inntil eitt år, nøydd til å skatte til begge landa.

I forskarkrinsar kunne ein tenke seg å gjere skattereglane meir like frå land til land, til dømes ved å få til redusert skatt over heile fjøla. Men ein fryktar at Finansdepartementet vil reagere med å ta bort heile fritaket, og late saka vere med det.

- For lite pengar
- Skattefritak har nok ein del å seie, medgir leiar for Norsk forskarforbund, NTNU-professor Kolbjørn Hagen.
- Forskingsopphald er ikkje godt nok finansiert. Derfor er skattefritak viktig, seier han

Leiaren for Forskarforbundet synest likevel det er skivebom å ville få akademikarar frå å reise dit.
- Problemet er ikkje at for mange dreg til USA, men at for få dreg til andre land.

Snakkar bare engelsk
Hagen legg til at det er fleire ting enn skatt som spelar inn når ein vel land.

- Nå er det nok ikkje så rart at mange dreg til USA i alle høve - banda dit er sterke, og mange av dei beste universiteta, ikkje minst innanfor naturvitskap og teknologi, er der. Dessutan er språk viktig, og det er dessverre slik at mange ikkje snakkar anna enn engelsk.

Hagen har sjølv hatt til saman bortimot fem år i USA.
- Den lengste tida var som post.doc., men den gongen visste eg ikkje at eg hadde rett på skattefritak, så det missa eg.

Han har dessutan eit forskingsopphald i England bak seg.
- Det manglande skattefritaket var merkbart, seier han.

Av Tore Oksholen

Les også: Skatte-hjelp for akademikarar