Forskar utan skatt: Sju av ti NTNU-arar til USA
(22.10.02) Akademikarar frå NTNU vil bare til USA, medan nesten ingen vil til EU-land. Skattefritak er grunnen. Av 133 vitskapleg tilsette (fast tilsette pluss stipendiatar) ved NTNU som forskar og underviser i utlandet dette året, er 85 i USA. Det tyder at nær sju av ti tek vegen over Atlanteren.
Ei viktig forklaring på at det er slik, ligg i dei gunstige skattereglane som eksisterer mellom dei to landa. Her gjeld nemleg fullt skattefritak. Norske forskarar i USA betaler ikkje ei krone i skatt. Ordninga er godt kjend i miljøa, og gjer at mange mykje heller vil til USA enn til dømes eit EU-land.
Vilkåret er at ein får formell invitasjon frå ein godkjend amerikansk lærestad.
FAKTA | Vitskapleg tilsette ved NTNU i utlandet
USA 85
Australia 10
Frankrike 9
Italia 5
Canada 4
Storbritannia 4
Spania 3
New Zealand 3
Tyskland 2
Irland 2
Tyrkia 2
Japan 2
Sverige 1
Estland 1
| Særstilling
Bakgrunnen for ordninga er Marshallhjelpa etter siste verdskrigen, der ein av intensjonane var å få fart på den akademiske utviklinga i Norge.
USA står i ei særstilling når det gjeld gunstige skattereglar for akademikarar. I nokre land, som til dømes Storbritannia, er forskarar som arbeider der i inntil eitt år, nøydd til å skatte til begge landa.
I forskarkrinsar kunne ein tenke seg å gjere skattereglane meir like frå land til land, til dømes ved å få til redusert skatt over heile fjøla. Men ein fryktar at Finansdepartementet vil reagere med å ta bort heile fritaket, og late saka vere med det.
- For lite pengar
- Skattefritak har nok ein del å seie, medgir leiar for Norsk forskarforbund, NTNU-professor Kolbjørn Hagen.
- Forskingsopphald er ikkje godt nok finansiert. Derfor er skattefritak viktig, seier han
Leiaren for Forskarforbundet synest likevel det er skivebom å ville få akademikarar frå å reise dit.
- Problemet er ikkje at for mange dreg til USA, men at for få dreg til andre land.
Snakkar bare engelsk
Hagen legg til at det er fleire ting enn skatt som spelar inn når ein vel land.
- Nå er det nok ikkje så rart at mange dreg til USA i alle høve - banda dit er sterke, og mange av dei beste universiteta, ikkje minst innanfor naturvitskap og teknologi, er der. Dessutan er språk viktig, og det er dessverre slik at mange ikkje snakkar anna enn engelsk.
Hagen har sjølv hatt til saman bortimot fem år i USA.
- Den lengste tida var som post.doc., men den gongen visste eg ikkje at eg hadde rett på skattefritak, så det missa eg.
Han har dessutan eit forskingsopphald i England bak seg.
- Det manglande skattefritaket var merkbart, seier han.
Av Tore Oksholen Les også:
Skatte-hjelp for akademikarar
|