Kan miste skattefritaket i USA
(24.10.02) Norge vil foreslå å ta bort skattefritaket for akademikarar når avtalen med USA skal reforhandlast, seier ekspedisjonssjef Odd Hengsle i Finansdepartementet. Hengsle presiserer at ein ikkje har konkrete planar om reforhandling nå.
- Skattefritaket er ikkje i seg sjølv argument for å revidere avtalen. Men før eller seinare vil avtalen bli fornya, og då vil vi på norsk side be om at fritaket vert fjerna.
- Med andre ord må ein forte seg, dersom ein ønskjer å dra nytte av avtalen før de nfell vekk?
- Det var dine ord.
Ekspedisjonssjefen slår fast at det er heilt uaktuelt å leggje inn liknande vilkår om redusert skatt i avtaler med andre land.
Anakronisme?
- Det er norsk policy å søke tettare samarbeid med EU, ikkje minst når det gjeld forsking og utdanning. Framstår skattefritaket mest som ei anakronisme i dag?
- Klausulen er gammal, og er frå ei tid kor USA var særs viktig i det akademiske samarbeidet. Meir kan eg ikkje seie om dette i dag.
Her kan du lese saka om at sju av ti NTNU-arar velger USA når dei skal på forskingsopphald i utlandet.
Få også med deg synspunktene til professor Einar Aas. (Alle leserbrevene i avisa finner du i "Meninger"-spalten i venstre marg).
Av Tore Oksholen |