MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

- Jaktar i stim (28.10.02)

- Journalistar jaktar i stim. Hos politiske journalistar er flokkinstinktet kan hende enno sterkare. Dei har lågare utdanning enn snittet i pressa, vart det hevda under eit foredrag på NTNU mandag.

Slik forklarar medieforskar Sigurd Allern korleis samanhengen er mellom partias eksponering i media, og talet på veljarar. Allern er innstilt som professor i journalistikk ved Universitetet i Oslo. Han gjesteføreleste på Dragvoll mandag føremiddag om norsk politisk journalistikk; "Flokkdyr på Løvebakken."

Ifølge Allern har stortingsjournalistane sitt eige broderskap, med vekt på broder. For dei fleste medlemmene i Stortingets presselosje er middelaldrande menn. Og dei styrer sjølv kven som får vere med.

Sigurd Allern er ein omstridd medieforskar som no truleg blir utnemnd til professor i journalistikk ved Universitetet i Oslo.
Privilegiar for losjemedlemmer
Å vere med i losjen gjev viktige privilegier. Ein får operere temmeleg fritt i Stortinget, og ein får vere med på ein del stortingshandsamingar som er stengt for anna presse.

Å bli politisk journalist går ofte gjennom verv i politiske ungdomsorganisasjonar, kunne Allern fortelje. Denne vegen inn i journalistyrket er truleg ein viktig årsak til at det gjennomsnittlege utdanningsnivået mellom denne kategorien reportarar er lågare enn elles, sa han.

Politisk bakgrunn interessant
Den gamle AKP-aren og Klassekamp-redaktøren meinte elles at det er viktig å kjenne til leiande journalistars politiske bakgrunn. Såleis er det greitt å vite at i NRK er John Bernander gammal høgremann medan politisk redaktør Bente Engesland er gammal høgredame. Vidare var det eit poeng at det teamet i VG som i ei periode kjørte ei rad innside-saker frå livet i sentrumsregjeringa, har hatt verv i Venstre.

Allern etterlyser meir debatt om den styrande rolla politisk presse har i Norge. For det kan ikkje vere nokon tvil om at ho har ei slik rolle, sa den komande professoren, og klaska på bordet lysark som dokumenterer dette.

Tilgang på media
Valet i 2001 viste ei nær direkte samanheng mellom eit partis eksponering i NRK og TV2, og utteljing i form av veljarar. Frå AP på topp og ned til RV, viste han korleis det var fullt samsvar mellom tilgang på media og på veljarar.

- Her ser ein at tilgang på media kan ha stor politisk innverknad. Såleis fekk Venstre 3.9 prosent ved valet, og hamna rett under sperregrensa. Dette gjorde at rein sentrumsregjering vart heilt uaktuelt. Med litt betre mediedekning kunne dette sett heilt annleis ut, sa Allern.

Fråverande tema
Som ein kuriositet nemnde medievitaren at temaet forsvars- og sikkerheitspolitikk var totalt fråverande i valkampen 2001: Valet gjekk 10. september. Dagen etter kom 11/9.

Av Tore Oksholen