Statsvitskap ved NTNU: - Utmerkt
(29.10.02) Statsvitskapen i Trondheim held eit utmerka internasjonalt nivå. Det stadfester ei brei evaluering av denne forskinga i Norge. Men korleis hevdar norsk statsvitskap seg i konkurranse med utlandet? Statsvitskapmiljøet i Trondheim er sterkt prega av nokre få forskarar med høg internasjonal standing. Men dei fleste medarbeidarane publiserer mykje. Vidare lukkast ein meir med å offentleggjere arbeida internasjonalt og i tidsskrift med godt renommé, samanlikna med dei andre statsvitskapmiljøa i landet.
Statsvitarane i Trondheim er dessutan gode på å delta i internasjonale konferansar og anna internasjonalt samarbeid, seier rapporten vidare.
|
Eit nøgd instituttstyre ved ISS kan konstatere at statsvitskapdelen kjem godt ut av ei nasjonal evaliering. Frå venstre: Ann Rudinow Sætnan, Ola Listhaug (leiar), Jennifer Bailey, Berit Brandth, Thor Bjørn Arlov (kontorsjef), Anja Ellingsen (vara for Gro Underland), Marit Reitan, Bjørn Hvinden, Torbjørn Rasmus Sølsnæs, Stian Antonsen og Marit Solbjør.
Arkivfoto: NTNU Info./Gorm Kallestad |
Amerikansk orientering
Statsvitskapen ved NTNU har ei sterk amerikansk orientering, samstundes som at instituttet ligg "geografisk litt perifert." Såleis har statsvitarajne her kan hende mindre kontakt med andre norske miljø enn ein har med visse amerikanske universitet, stadfester rapportskrivarane
Evaluerarane har merkt seg konturane av ei kjernespesialitet ved statsvitskapmiljøet i Trondheim: Veljarar, haldningar og partier.
- Det er eit stort potensial for vidareutvikling her, konkluderer rapporten.
Tilstanden i norsk statsvitskap
Tilstanden i norsk statsvitskap per sé, kunne vore betre. Statsvitskaplege miljø her til lands er prega av samanblanding av forsking, næringsliv og klientinteresser. Den er dessutan noko provinsiell og etnosentrisk i si innretting, står det å lese i rapporten.
Statsvitskapmiljøet ved NTNU går fri av desse skuldingane.
Utvalet konkluderer generelt med at norsk statsvitskap kan hevde seg på dei fleste områder, samanlikna med andre nordiske land. Disiplinen er likevel prega av store skilnader i kvalitet mellom dei beste og dei mindre gode fagmiljøa.
For mykje styrt av program
Utvalet er skeptisk til at så stor del av forskingsressursane er kanalisert via program- og prosjektforsking, noko som går ut over dei frie midla. Dette inneber ei risiko for manglande kontinuitet i forskinga, og skjeivfordeling i resursfordelinga, geografisk så vel som sektorielt, meiner gruppa.
Evalueringa viser dessutan at talet på professorar er skeivt fordelt mellom institusjonane.
Evalueringa er gjort av eit utval oppnemnd av Forskingsrådet. Utvalet er internasjonalt sett saman. Totalt er 164 forskarar lokalisert ved fem statsvitskaplege universitetsinstitutt, tilsvarande miljø ved to høgskular og ved tolv forskingsinstitutt.
Av Tore Oksholen Heile rapporten finn du her.
|