Svoltne studentar på hugget
(31.10.02) Dei er mange. Dei vil gjerne ha jobb. Og dei gjer nesten kva som helst - bare lønna er god. Kven snakkar vi om? Økonomane har hatt det. Teknologane likeså. No kjem samfunnsvitarane etter: Dei arrangerer karriereseminar. Denne gongen er det statsvitarane.
Skift jobb ofte. Dersom du blir verande for lenge på ein arbeidsplass, kan potensielle arbeidsgjevarar stusse.
Skaff deg brei erfaring. Politiske verv, sosialt engasjement, røynsle frå organisasjonsarbeid med meir - dette er manna for dei du gjerne vil ha jobb hos.
Når du tek hovudfag: Metodekursa er kan hende dei viktigaste, for her lærer du å samle inn, analysere og presentere informasjon. Det konkrete innhaldet i oppgåva er mindre viktig.
|
Døme på eks-hovudfastudent i statsvitskap med suksess: Arne Moe gir gode råd til ferske studentar. |
Dette var nokre av råda dei frammøtte studentane fekk. Fagutvalet i statevitskap hadde invitert til seminar for statsvitarar som vil gjere karriere. Det vil dei fleste - og møterommet "Frikvarteret" var smekkfullt av studentar på alle nivå.
Eks-studentar med karriere
Arne Moe, Henrik Malvik og Arve Østaard var invitert til å tale om korleis ein gjer karriere. Malvik er førstesekretær ved den norske mbassaden i Zagreb, medan Moe er marknads- og trendanalytikar i Fokus bank. Østgaard er dagleg leiar i bedriften Sentio, som driv med analyse og rådgiving.
Dei tre møtte som døme på eks-hovudfagstudentar som har gjort det bra når det gjeld karriere. Alle har teke cand.polit-graden ved NTNU.
Feite lønningar
Alle måtte fortelje kva dei tente i dag. Moe var først ut - lønna var godt over 400.000. Malvik var neste. Svaret han gav gjorde mange frammøtte blank i augene:
- Eg tener omtrent det same netto som Arne tener brutto.
Den neste mannen ut var Østgaard, som var litt meir omtrentleg: I bransjen hans var inntekta ein stad mellom 350.000 og 500.000 kroner.
Det vart servert kaffi og vaflar i pausen. Vi observerte mange svoltne statsvitarar.
Tekst og foto: Tore Oksholen |