Foreslår program mot energisløsing
(31.10.02) I "Det norske hus" er det varmt og godt. Men treng vi sløse slik med energien? Det hastar å få bukt med sløsinga. Elles må ein produsere meir energi frå kullkraft eller gasskraft til oppvarming i hus, fryktar ekspertar. |
Varmepumpe ved hjelp av CO2-gass er ein måte å få ned energisløsinga i norske bustader.
Illustrasjon: Jan Helge Johansen, Sintef Grafisk Senter
|
Derfor foreslår NTNU nå eit nasjonalt satsingsprogram på energibruk i bygg. Målet er å vinne energi og spare forureining til verdien av minst sju gasskraftverk.
Bygningsmassen tek ikring førti prosent av energibruken i Norge. Det er i private hushaldningar at energibruken aukar mest. Kva tyder dette?
- Det inneber at vi har svært mykje å vinne på å endre energibruken på dette området. Når du rustar opp ein bustad som varer i tretti år fram i tida, er langstidseffekten stor. Det seier post.doc. Harald Gether. Han er koordinator for NTNUs satsing på energi og miljø.
Grunnleggjande omlegging
Gether er koordinator for programmet "Berekraftig utvikling og energibruk i bygningar." Med dette programforslaget vil NTNU ha styresmaktene med på ei grunnleggjande omlegging i energibruken i norske bygningar.
- Vi bruker ikring sju TWh meir i Norge enn kva vi produserer. Svært mykje av dette går til oppvarming, seier Gether.
FAKTA | Den årlege energibruken i bygningsmassen er på åtti TWh. Av dette går 47 TWh til romoppvarming og produksjon av tappevatn.
Det vert brukt 32 TWh høgverdig elektrisk energi per år til direkte oppvarming. Resten kjem for det meste frå olje, parafin og ved.
Oljeforbruket gjev eit utslepp på 5,5 millioner tonn CO2 i året. Dette er nesten like mykje som totale utslepp frå lette kjøretøy, som er på seks millionar tonn årleg. | Ned 5,5 tonn
Utsleppa av CO2 kan reduserast med inntil 5,5 millionar tonn i året. Dette skal skje ved omlegging frå fossile brennstoff til nye, fornybare energikjelder for oppvarming av bygningsmassen.
Harald Gether poengterer at det er hastar å kome i gang med tiltak. Dersom ein ventar for lenge, risikerer vi at ein vert nøydd til ta i bruk meir ikkje-fornybar energi til oppvarming av bustader: Oppvarmings-energi importert frå kullkraftverk i utlandet, eller frå nybygde gasskraftverk her til lands.
Det hastar
- Som sagt aukar energibruken mest på bustadsida. Dette kan føre til eit press på kort sikt for å få alternative energiløysingar, til dømes gasskraft. Skjer dette, tvingar det seg fram ei løysing kor moglegheitene for å bygge fornybar energi vert svekka.
Gether presiserer at han ikkje er totalmotstandar av gasskraftverk.
- Gasskraft kan være bra, men ikkje til oppvarming ved bruk av panelovnar. Her har vi mest å vinne på å gjere noko med måten vi bruker energien.
Bra for næringslivet
Dette har eit potensial for næringslivet.
- Ved å endre energibruken i bygningsmassen, kan ein frigjere høgverdig elektrisk energi, som kan setjast inn for auka verdiskaping i næringslivet.
Professorane Arne Bredesen og Anne Grete Hestenes skal, saman med Gether, presentere programmet for byråkratar og stortingspolitikarar neste veke.
Av Tore Oksholen |