Fritt fram for lobbyistar
(5.11.02) I USA har ein strenge reglar for kva ein lobbyist kan tillate seg. Her til lands kan dei tillate seg det meste. Men kva meiner stortingspolitikarane om lobbyverksemd? "Lobbyverksemd og påverknad i offentleg politikk" var emnet då statsvitarane haldt etterutdanningsseminar helga som var.
Profesjonell lobbyisme er eit relativt ferskt fenomen i Norge. Den skil seg frå tradisjonell interessekamp, mellom anna ved at den som lobbyerer, ikkje treng dele det synet han eller ho sel inn til politikarane.
I "gamle dagar" var det slik at når ein fagforeining søkte å få ein stortingspolitikar til å gå i mot endringar i arbeidsrettane, kunne ein drive politisk agitasjon - ope eller skjult. I dag kan ein like gjerne hyre inn eit kommunikasjonsbyrå til å gjere jobben. Kva den (godt løna) rådgjevaren sjølv meiner om arbeidsrettane, er irrelevant.
Er dette bra for den politiske prosessen?
|
- Lobbyistane har marknadsmakt, ikkje politisk makt, meiner forskar Leif Helland. |
Offisielt lobby-register
- Medan lobbyverksemd er utan regulering i Norge, er situasjonen ein heilt annan i USA, kunne forskar Leif Helland ved Cicero senter for klimaforsking fortelje underseminaret. Helland har gjennomført spørjeundersøkingar på lobbyisme i Norge.
I USA må ein vere registrert for å lobbyere i nasjonalforsamlingane. Vidare er ein nøydd til å levere halvårlege rapportar, og ein må gje melding seinast 45 dager etter at ein har teke ein lobbykontakt. Lobbyistar som ikkje held seg til reglane risikerer å misse lisensen.
- Dette er ikkje papirvedtekter. Dei økonomiske konsekvensane av utestenging kan vere dramatiske, sa Helland.
- Lobbyisme gjev meir info
Lobbyisme er i seg sjølv lite kontroversielt på Stortinget, kunne Helland fortelje. Åtte av ti stortingsrepresentantar er heilt eller delvis samd i at ein får meir og betre informasjon om ei sak ved hjelp av profesjonelle lobbyistar.
Men like mange representantar er skeptisk til at fullfinansierte offentlege verksemder kjøper seg slike tenester. Ein skal ikkje nytte skattebetalarane sine pengar til å betre eigen marknadssituasjon.
Helland sin konklusjon var at lobbyistane ikkje har politisk makt. Men marknadsmakt, det har dei.
Tekst og foto: Tore Oksholen |