MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

NTNU som særlovselskap: utsett (6.11.02)

Planen var at NTNU kunne vere prøveklut for å bli eit såkalla særlovselskap frå 1. januar 2004. Men nå har Kristin Clemet bestemt seg for å utsetje saka.

Det var Mjøsutvalet som tok initiativ til ei endring av eigarformen av universitet og høgskular. I dag er dei statlege forvaltningsorgan. Dersom dei vert såkalla 'eige rettssubjekt,' tyder det at dei vil få langt større grad av fridom enn i dag.

Det finst tre ulike måtar ein kan organisere ei slik formell fristilling på:

  • Statsføretak
  • Statsaksjeselskap
  • Stiftelse

    Det er den første forma som er aktuell for utdanningsinstitusjonane, venteleg smidd over lesten som er nytta på helsesektoren.

    Høyringsrunde
    Opphavleg var det meininga å køyre ein høyringsrunde i sommar/haust, og leggje saka fram for Stortinget ved påsketider neste år. Etter dette kunne ein gje universiteta høve til å starte som særlovselskap frå årsskiftet 2003/4.

    I høyringa etter Mjøsutvalet var NTNU det einaste av universiteta som stilte seg positiv til ei slik endring i eigarforma. Med ei slik haldning også i framtida vil NTNU venteleg vere åleine om å prøve seg som pilot for den nye ordninga.

    Men nå kan ekspedisjonssjef Jan S Levy fortelje at departementet kjem til å leggje om heile prosessen. Levy stadfester at saka er utsett. Men ein særs ordknapp ekspedisjonssjef vil ikkje seie meir, korkje om kva årsaka til utsetjinga er, eller kor mykje ekstra tid dette vil ta.

    - Alt eg kan seie, er at vi kjem med ei kunngjering om dette i nær framtid.

    – To års utsetjing
    - Magekjensla mi seier at prosessen kan verte utsett med opptil to år, seier NTNU-rektor Eivind Hiis Hauge.

    Hauge trur noko av forklaringa på utsetjinga kan vere ønsket om å greie ut kompliserte eigartilhøve omkring universitetsklinikken og helseføretaka. Til dømes kan ulike reglar for avskriving mellom universitetet og sjukehuset føre til komplikasjonar.

    Av Tore Oksholen

    Les også: Særlovselskap: for og imot
  •