MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Fusk, sjusk og plukk (20.11.02, 12:50)

Plukking er OK. Sjusk er det ikkje. Verst er den reine, skamlause fuskinga.

Det var ein gong ein naturvitskaps-professor ved Yale University, eit av dei mest prestisjetunge universiteta i verda. Han fekk ein paper frå ein ung forskar, til såkalla peer review (gjennomlesing av artikkel før publisering, for å sjå om den held vitskapleg mål). Emnet var bruk av einskilde medikament ved handsaming av pasientar med anoreksi.

Professoren gav artikkelen elendig omtale. Det førte til at den ikkje vart publisert. Så tok professoren hovudbolken av resultata frå artikkelen, la til nokre fiktive data (fabrikkert av professoren), og publiserte under eige namn.

Sosiolog Ragnvald Kalleberg er leiar for NESH.
Slo alarm
Den unge forskaren slo alarm då ho såg kva som hadde hendt. Men leiinga ved Yale slo tilbake, og prøvde å marginalisere henne som eit hysterisk kvinnfolk.

Soga enda med at ho gjekk ut av forskinga. I dag er ho ålmennpraktiserande lege.

Dette var på slutten av syttitalet. Professoren heitte Viljai Soman.

Vitskapleg bedrag
Sosiologen Ragnvald Kalleberg ved Universitetet i Oslo fortalde denne historia. Høvet var tirsdagens møte i Vitskapsteoretisk forum, medan emnet var bedrag i forskinga.

Kalleberg er for tida leiar for NESH (Den nasjonale forskingsetiske komité for samfunnsvitskap og humaniora) og sat i det nasjonale utvalet som nyleg leverte en utredning til Forskingsrådet og Utdannings- og forskingsdepartementet med forslag om å opprette eit nasjonalt redeligheitsutval.

The Missing Link
Det finst fleire former for juks i forskinga. Dei grovaste handlar om at ein endrar på data, slik at dei stemmer overeins med dei konklusjonane ein ønskjer å trekkje. Den herostratisk berømte Piltdownmannen er eit døme på det: levningane som skulle prove at "The Missing Link" mellom aper og menneske no var funne. Seinare dateringsteknikkar avslørte at hovudskallen var sett saman av skalle- og kjevedelar frå menneske og ape.

Eit anna døme er ein engelsk forskar som ville vise at i England er overklassen verkeleg meir intelligent enn underklassen. Også dette forsøket vart avslørt.

Historia sitt kanskje mest kjende eksempel på forskingsjuks. I Piltdown vart det i 1908 og 1917 funne to hodeskallar (sjå forsidebiletet) som mange meinte var ein "missing link" mellom aper og menneske, og som antyda at det moderne mennesket hadde oppstått i England. Først i 1953 ble det endeleg slått fast at Piltdownmannen var ein forfalskning som omfatta to hodeskallar av menneske frå middelalderen, kjevebeinet frå ein orangutang, ei hjørnetann frå ein sjimpanse, samt tenner frå ein elefant og ein flodhest.
David Irving
Også humaniora har sine svarte får. Den famøse engelske historikaren David Irving vart til dømes avslørt i å fikse på brev som Hitler skreiv. Irving la til setningar som ikkje var der.

Grensa mellom å endre på data, og å fabrikkere data, er flytande. Innafor samfunnsvitskapen er det siste ikkje uvanleg - ein konstruerer cases som ikkje finst, for til dømes å gjere eigne kvantitative funn statistisk signifikante.

Øydeleggje data
Dette er skamlaus fusk. Om ein ruslar inn i grenselandet mellom juks og det som kan hende kan godtakast, kjem ein inn på destruering av data. Det vil seie at underlagsmaterialet som dokumenterer dei vitskaplege konklusjonane, ikkje vert tekne vare på for ettertida. Problemet her er at i einskilde tilfelle har ein gode grunnar for det. Det kan vere av personvernomsyn, og det kan vere at dataene ikkje tåler oppbevaring (menneske døyr; arkiv vert øydelagt i brann; gjenstandar forvitrar over tid). I andre situasjonar vert dei øydelagde, for å dekkje over fusk.

Dette handlar mykje om sjuskete data, seier Kalleberg.

- Her talar vi om slurvete rapportering av data og slikt. Ein må skilje dette frå det reine tanketjuveriet.

Ei anna sak er det ein kallar plukking av vitskaplege resultat - såkalla eklektisme. At ein forskar set saman moment plukka frå andre forskarar sin vitskaplege produksjon, treng ikkje vere uetisk i det heile - men rett og slett god bruk av forsking. En må berre ikkje gje inntrykk av at ein sjølv som har gjort forskinga.

Lite fusk?
Men Kalleberg trur ikkje det er mykje fusk innan forskinga.

- Den kollegiale kontrollen er svært sterk. Einkvar forskar må vere budd på at eigne resultat vert forsøkt reprodusert av kollegaer kor som helst i verda. Dersom forskinga ikkje held mål, kan ein vere trygg på at ein vil få høyre det, seier Kalleberg.

Han trur ikkje det er store mørketal når det gjeld ikkje avslørt juks.

- Vi ser ikkje toppen av isfjellet. Det er truleg ikkje noko isfjell å tale om.

Soman
- Lurer du på korleis det gjekk med professor Soman? Han fekk sparken. Til slutt.

Tekst og foto: Tore Oksholen