EU opnar pengesekken
(25.11.02, 18:28) Sekstande desember går startskotet for EUs sjette rammeprogram innan IT. Då gjeld det å stå klar. Denne gongen er millionane samla i få, men store, pottar, fortalde EU-direktør Rosalie Zobel. Zobel vitja NTNU førre fredag. Ho var her mellom anna for å prøve å dra med forskarar innan NTNU/Sintef-miljøet i det nye rammeprogrammet.
Rosalie Zobel, som er ein av dei få kvinnene i eit elles svært mannsdominert direktørsjikt i EU, er ein av sjefane for IST (Information Society Technologies).
Ho sa at det nye rammeprogrammet fokuserte på industrialisering og å tene pengar. I det førre rammeprogrammet var sosiale aspekt meir sentrale.
|
Rosalie Zobel. |
- Bli best i verda?
- Målet er at Europa skal bli best i verda på IT. Vi skal forbi både USA og Japan på området, sa EU-direktøren.
For å få til dette, vil ein i dette rammeprogrammet sentralisere utdelinga av forskingsmidlar. Derfor blir det bare tre såkalla "calls" i dette rammeprogrammet, medan det femte rammeprogrammet hadde ikring tretti.
Den første kjem den 16. desember.
Få, og store prosjekt
Kvart prosjekt vil bli mykje større i dette rammeprogrammet. Dei vert samla i prosjektklynger ("project clusters"), og kvart av desse kan bli på opp til ti gonger så store som tidlegare prosjekt.
IST opererer med eit totalbudsjett på heile 26,5 milliardar kroner. Ikring 2/3 av desse midla er øyremerka for slike prosjektklynger. Kvart prosjekt kan dermed få ein prislapp på 140-280 millionar kroner.
Dette tyder at det går langt fleire tog. Det blir dess viktigare å stå på perrongen når dei rullar inn.
Fire til fem prosjekt hit?
- Eg trur nok NTNU og Sintef saman vil kunne hanke inn fire til fem slike prosjektklynger, seier seniorforskar Ole M Winnem ved Sintef Tele og data.
Totalt vil det kome ikring tretti slike prosjekt.
- Høg prioritet
- Det sjette rammeprogrammet har høg prioritet for oss, sa dekan Arne Sølvberg ved Fakultet for informasjonsteknologi, matematikk og elektroteknikk (IME). Dekanen meiner at ein her er godt rusta for å konkurrere om desse midla.
Han har sjølv omfattande røynsler med EU-forsking.
- Dette har vore svært utbytterikt, ikkje minst i tilhøve til å bygge nettverk.
Økonomiske vilkår
Sølvberg var også inne på kva for økonomiske vilkår vi tilbyr EU-forskarane. Der er røynslene ikkje like gode, sa han.
- Når ein kjem med eit EU-prosjekt, er den økonomiske risikoen stor. Det ligg inga automatikk for at ein får nasjonale pengar til prosjektaktivitetane. Einskilde andre land med stor EU-forsking har hatt slike mekanismar som gjer at nasjonale midlar vert utløyst også i Norge, sa Sølvberg.
Av Tore Oksholen EU-info om det sjette rammeprogrammet.
|