MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

LEGE-ETIKK:
Kor sikker kan ein bli? (26.11.02, 21:20)

Professor Roar Johnsen fekk beskjed om at han visst hadde kreft i eggstokkane. - Eg vart aldri den same sidan.

Ein gong banka ei eldre dame på døra til doktor Johnsen. Ho hadde sendt ei blodprøve til eit laboratorium i Tyskland som utførte omfattande testing - såkalla spektralanalyse - av blodet hennar. Dei fann at ho mangla ei masse vitaminar (som ho kunne få kjøpt per postordre frå firmaet), vidare at ho nok hadde kreft.

Dama vart testa av tre ulike sjukehus. Dei fann ingenting. Ho gav seg ikkje. Til slutt gav doktoren hennar ei prøve av sitt eige blod, og 400 kroner. Han bad henne om å bruke pengane til å sende blodet - i kvinna sitt namn - til same laboratoriet i Tyskland.

Roar Johnsen: - Kva for risiko bør vi akseptere?
- God betring
Laboratoriet kunne fortelje at ho framleis mangla masse vitaminar. Samstundes at ho visst hadde kreft, anten i livmora eller i eggstokkane.

Fem månader seinare banka dama på døra til doktor Johnsen. Ho fortalde han om diagnosen, klappa han på skuldrene og ynskte god betring, og gjekk.

- Diagnosen gjorde eit uutsletteleg inntrykk på meg, og eg vart nok aldri den same igjen, fortel han i dag.

Kriminelt?
Nå er Roar Johnsen professor og leiar for NTNUs Institutt for samfunnsmedisin. Han fortalde historia som illustrasjon på emnet "medisinsk helserisiko". Høvet var eit forskarmøte på NTNU tirsdag om risiko og etikk, arrangert av Program for anvendt etikk.

Er det etisk rett å late folk risikere sjukdommar utan å varsle dei om den auka risikoen? Mange har eit svært sterkt syn på dette, sa professoren. Dei meiner at det er kriminelt å ikkje gje alle som har den minste sjanse til å få brystkreft, tilbod om mammografi.

Johnsen testa positivt i den tyske prøven, utan å vere sjuk. Dei menneskelege kostnadene slikt påfører oss, er det gjort lite forsking på, sa han.

Britt-Marie Drottz Sjøberg: - Kva er verkeleg risiko?
Falsk positiv
- Kva med det ein kallar falske positive - folk som ved ein test får diagnosen "sjuk", utan å vere det? Kva er etisk mest rett: Å teste alle, for då å få mange falske positive, eller å teste bare nokre få, men då risikere at menneske blir sjuke utan at ein oppdagar det tidleg nok?

Professor Johnsen opplyste at ved siling (screening) for prostatakreft, bommar den vanlegaste testen i 95 prosent av tilfella. Med andre ord testar 95 av hundre falsk positiv. Er det mogleg å rettferdiggjere denne uroa og angsten desse vert påført, når ein tenker på dei som vert berga?

Verkeleg og oppfatta risiko
Professor Britt-Marie Drottz Sjøberg ved Psykologisk institutt gjekk inn på tematikken ikring oppfatta og reell risiko. Ho har forska på folks haldningar til deponering av særs radioaktivt avfall i Sverige. Kor langt framover tenker ein - er ein mest oppteken av å få faren lengst bort frå seg sjølv, utan å vurdere sakleg kor verkeleg risikoen er?

I ei spørjeundersøking av ekspertar og vanlege folk, fekk ho fram at ekspertane fokuserte på at avfallet måtte bli sikra i svært lang tid (10.000 år, eller meir). Behaldarane måtte dermed vere svært gode. Dei syntest det var mindre viktig kor djupt ned avfallet vart grave. For ålmenta var situasjonen den motsette. Folk flest ville ha styggedommen lengst bort frå seg sjølv, med andre ord grava så langt ned som råd er - men var mindre opptekne av langtidslagringa.

Vakta fjell i 15 år
Professor Drottz Sjøberg viste kor viktig det er med ope og god informasjon. Ho fortalde om tilfellet Kynnefjell tidleg på syttitalet:

Då sneik ingeniørane seg inn i ei kommune for å ta prøver av berget til eit fjell kor dei tenkte å lagre radioaktivt avfall. Det førte til at bygdefolket starta organisert overvaking av fjellet - kvar einaste natt i 15 år.

Det vart ingenting av ingeniørane sine planar.

Tekst og foto: Tore Oksholen