Historisk vernissage på Historisk
(29.11.02, 00:13) Også historikarane har forstått at ein må synast i terrenget. Torsdag viste dei seg fram for ålmenta. Det vart sprudlevin og pasjonsfrukt til. |
Birgit Sawyer var mellom dei som presenterte boka si. |
I kring femti bøker og publikasjonar var på syning då historikarane inviterte til vernissage på Dragvoll. Eit trettitals interesserte hadde møtt fram.
Nokre av forfattarane var spesielt inviterte til å fortelje om si eiga bok. Såleis kunne Birgit Sawyer fortelje om verket ho har skrive saman med Peter Sawyer, med tittelen Die Welt der Wikinger.
Vikingekvinna - ikkje så sterk likevel?
I presentasjonen tok Sawyer mellom anna hol på myten om den sterke vikingekvinna. - Ho vart framstilt slik av kristne skribentar, som såg på henne som potensielt farleg, og som ønskte å forvise henne til heidningeverda, sa Sawyer.
Vidare presenterte Tore Iversen ei bok han har redigert saman med Per Hærnes, om slavehandel gjennom tidene. Verket har tittelen "Slavery Across Time and Space". Den gjer mellom anna greie for vikingane si slavedrift – trellvesenet, som tok slutt på 1200-talet.
|
Mange hadde møtt fram til vernissagen.
|
Tore T. Petersen fortalde om si bok; "The Middle East between the Great Powers: Anglo-American conflict and cooperation, 1952-7".
Tekst og foto: Tore Oksholen |