Heder til fire professorar
(13.12.02, 00:16) Det finst mange flinke lærarar og formidlarar ved NTNU. I det følgjande omtalar vi nokre akademikarar som har utmerkt seg dei siste månadane. Livsvarig medlemskap
Professorane Erik Vigran og Asbjørn Krokstad vart nyleg utnemnt til livsvarige medlemmer av Norsk Akustisk Selskap. Utmerkinga fekk dei for si innsats innan forsking og undervisning ved NTNU. Professor Krokstad er dessutan tildelt Astra-Tech prisen av Norsk Urologisk Forening for beste publiserte artikkel i 2001 (saman med legane S. Karlsen og T. Bull-Njaa). Krokstad vart vidare utnemnt til æresmedlem i The Acoustical Society of America.
|
Arne Halaas. |
Årets lærar
Professor Arne Halaas vart nyleg tildelt prisen "Årets lærar" ved IME-fakultetet. Han fekk prisen som leiar av fagstaben bak "Algoritmer og datastrukturer." (Dei øvrige var Tanja Annette Broum, Øyvind Grotmol, Geir Kjetil Sandve, Erling Solberg og Trond Øvertun) Ein student sa mellom anna at staben "har klart å snu det kan hende tøffaste faget gjennom heile studiet til å bli det mest interessante og artigaste."
Årets formidlar
Ved same fakultet fekk professor Einar Aas prisen "årets formidlar" for sitt mangeårige engasjement som skribent i populærvitskaplege tidsskrift. Aas vert karakterisert som ekstraordinært produktiv og utadvent, med 272 registrerte publikasjonar i universitetets bibliotek. "Aas greier å engasjere lesaren med spissfindige analogiar og parallellar henta frå skjønnlitteratur eller kjende operalibrettoer," skriv komiteen mellom anna. |