(1.1.70, 01:00) Visjon og fakta: I dokumenta som låg til grunn for Stortingets handsaming, vart det slått fast at 15.000 tilsette totalt innafor IKT på Fornebu, var kritisk verdi for å få eit levedyktig miljø på beina.
I dag sysselset Telenor Fornebu 6.000 medarbeidarar, medan ikring 200 arbeider i IT Fornebus lokalar.
IT Fornebu er organisert gjennom tre sidestilte selskap:
IT Fornebu AS: Har til oppgåve å forvalte og utvikle visjonen om IT Fornebu. Ei sentral funksjon er å bygge nettverk til finansørar og forskings- og utdanningsinstitusjonar.
IT Fornebu Eigedom AS: Utviklar og drifter dei fysiske omgjevnadene som utgjer innovasjonslandsbyen.
IT Fornebu Inkubator AS: Utviklar nye bedrifter i tett samarbeid med gründarar som har kvalifiserte kunnskapsbaserte forretningsidear innan IKT. |