Frosen visjon på Fornebu
(15.12.02, 20:40) FORNEBU: Røykarane står i tette klynger i den isnande desemberføyka. Kulda, og det golde, futuristiske landskapet, gjer tilværet som eksrøykar lettare å bere enn nokon gong. |
Telenors praktbygg på Fornebu tek mål av seg å bli eit IKT-tempel. Men vil visjonen IT Fornebu lette? |
Nikotinslavar vist ut i kulda, er det einaste som verkar kjent på Fornebu i desse dagar. Elles er det meste nytt.
Skjønt, røykelova var enno ein fjern framtidsdraum den gongen Fornebu var i sine velmaktsdagar: Den gongen flyplassen var sjølvaste livsnerva som knyta oss til den store verda. Då kunne ein sitje i puben i øvste etasje i den gamle avgangshallen og drikke kaffi og røyke sin rullings, og sjå fly lande og ta av gjennom dei svære panoramavindauga. Vart synet for monotont, kunne ein i staden gle seg over Kai Fjell sitt berømte veggmaleri ved trappa.
Telenor - men kvar er IT Fornebu?
Når ein i dag set seg i drosja og ber om å bli kjørt til Fornebu, som eg gjorde, vert ein automatisk sett av ved Telenors modernistiske IKT-tempel, som er sett opp på framsida av den gamle terminalen. Her ligg selskapets hovudkontor.
Her er ikkje mange rette vinklar å sjå. Det verkar som om arkitekten har forlese seg på William Gibson. Neuromancer kunne vore skriven her ute, mellom skråstilte glasvegger og rare pinnar som skyt opp av brulegginga. Telenor har 6.000 tilsette her.
FAKTA | Visjon og fakta: I dokumenta som låg til grunn for Stortingets handsaming, vart det slått fast at 15.000 tilsette totalt innafor IKT på Fornebu, var kritisk verdi for å få eit levedyktig miljø på beina.
I dag sysselset Telenor Fornebu 6.000 medarbeidarar, medan ikring 200 arbeider i IT Fornebus lokalar.
IT Fornebu er organisert gjennom tre sidestilte selskap:
IT Fornebu AS: Har til oppgåve å forvalte og utvikle visjonen om IT Fornebu. Ei sentral funksjon er å bygge nettverk til finansørar og forskings- og utdanningsinstitusjonar.
IT Fornebu Eigedom AS: Utviklar og drifter dei fysiske omgjevnadene som utgjer innovasjonslandsbyen.
IT Fornebu Inkubator AS: Utviklar nye bedrifter i tett samarbeid med gründarar som har kvalifiserte kunnskapsbaserte forretningsidear innan IKT. | Øyde
Så går eg gjennom bygningen og ut på baksida. Der, over rad på rad med arbeidsbrakkar, ligg den gamle terminalbygningen. Det er øyde. Til saman 200 menneske arbeider for IT Fornebu.
Her skulle det vore mange tusen tilsette, og det skulle florert av små og store gründerverksemder innan IKT. For slik var visjonen som låg til grunn for Stortingets avgjersle om å etablere eit nasjonalt IT- og kunnskapssenter på den gamle rullebanen. Men resultata let vente på seg.
Overselt visjon
- Marknadsføringa av visjonen var feil.
Det er administrerande direktør Harald Kjelstad i Siva - selskapet for industrivekst - som seier dette i dag. Siva handterer statens eigarinteresser i IT Fornebu.
Kjelstad meiner at dei som stod for pr-verksemda oversåg gode miljø andre stader i landet. Fornebu skulle gjere jobben meir og mindre åleine - utan å blande inn etablerte miljø, som etter dette synet var plaga av interne konfliktar.
- Resultatet var at desse miljøa kjente seg tråkka på. Dette slår tilbake i dag, seier Kjelstad.
Dermed kan ein tale om ein overselt visjon.
Inga tabbe
Men han er ikkje med på at Stortinget gjorde ein tabbe då dei sette i gong på det gamle flyplassområdet.
- Nå kan eg ikkje sitje og bruke slike ord om stortingsvedtak. Men eg meiner i alle høve at ein nok vil greie å skape eit levedyktig fagmiljø der. Men det vil ta tid, ein fem til ti år, før vi kjem i nærleiken av å fylle visjonen.
- Universiteta må inn
Skal dette vere mogleg, må universiteta inn, seier Kjelstad.
- Det viser seg vanskeleg å skape interesse i forskingsmiljøa på universitet og høgskular. Det er forståeleg, men eg vonar likevel at forskarar legg ting bak seg og ser potensialet, seier han.
I dag er det nesten ingen frå NTNU/Sintef-miljøa på Fornebu, medan Matematisk institutt ved Universitetet i Oslo er tungt inne.
- Motivasjon må til
Professor Gunnar Stette ved Institutt for teleteknikk er styremedlem på statens vegne i IT Fornebu. Stette tok over stafettpinna frå universitetsdirektør Vigdis Moe Skarstein.
Stette erkjenner at det er ei sentral oppgåve å motivere dei etablerte universitets- og høgskulemiljøa til å engasjere seg meir aktivt. Men han vil ikkje seie noko konkret om kva for tiltak som kan vere aktuelt.
- Mi oppgåve er å realisere dei visjonane som Stortinget laga. Ein tek kontakt med ulike aktørar for å få til dette. Vi ønskjer å samle saman aktørar som har glede og nytte av å arbeide i eit sams miljø.
Plan?
- Men har de ein plan for å få til dette?
- Ja, det har vi nok. Det er ikkje minst viktig å få tak i investorar.
- Så pengar er viktig?
- Pengar er viktig, men det er ikkje nok.
- Kjenner du at ein har støtte frå universiteta?
- Det kan eg ikkje seie så mykje om, eg er fersk i gamet. Men vi har departementets støtte. Og det er nå noko.
Tekst og foto: Tore Oksholen |