MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

LESERBREV

Med teknologi i undervisningen - opplevingar hausten 2002 (15.12.02, 19:33)

I tråd med ønskje frå vår moderinstitusjon og sentrale makter over der, så har eg lagt opp til stor bruk av teknologi i undervisningen. Eg vil kanskje gjera meg så fri og påstå at eg ikkje kjenne til nokon andre som har lagt om faget sitt for bruk av IKT som det eg har gjort, fullt multimedia i internett.

Men kva oppleve eg? Her er nokre eksempel frå siste semesteret.

  • Forelesingsalen faget har fått tildelt er av det eldre slaget. Der sviktar snart både mekanisme for å ta opp og ned lerret, tavle- og podielyset. Lyset får ein til å verka etter nokre veker, men lerretet lar seg ikkje reparera. Ikkje i dette semester i alle fall. Det er ikkje råd å skaffa nye deler; utgått på dato. Det blir å ty til lysark på eit lite lerret i hjørne av auditoriet. - eg som hadde lagt opp til bruk av videokanon, kopling til internett og retteleg vist korleis ein kunne bruka teknologien.

  • Å laga eit nytt opplegg treng mykje førebuing både før og under kursavvikling. Det veit jo alle som har streva med det. Mykje av førebuingen måtte foregå heimafrå. Av den grunn hadde eg blitt med på eit prosjekt for trådlaus overføring frå heimen til NTNU. I starten verka det fint, men plutseleg så verka det ikkje etter ferien, borte vekk var overføringen. Ingen kontakt med omverda. Svart hav ville kanskje ein fiskar kalt det, svart skjerm for meg.

    Toreværet fekk skulda, det hadde tidlegare i sommar vore eit uvanleg kraftig torevær over byen vår. Det hadde sikkert øydelagt utstyret som var plassert på taket. Stige blei sett opp og dings skrudd ned, stige sett og ny dings sett på plass, men nei, like taust var det. Stige sett opp og enda større dings skrudd ned og tatt med på jobb for testing. Stige sett opp og stor dings skrudd på plass igjen. Resultat som før; taust. Stige sett opp igjen og skrudde ned heile skitten og tok med på jobb for testing. Men dei fann heller ikkje no feil. Dei som meg var veldig fortvila. Men så fann ein orsaka; Uninett hadde ganske enkelt tatt ned stasjonen eg kjørte mot. Ein månad var gått.

    Det blei lova at stasjonen skulle koma opp igjen tidleg i oktober, men det skjedde ikkje. Løysinga for meg blei til slutt å skaffa meg ADSL, den er lova installert 16. desember 2002. Men semesteret er jo for lengst over. Resultat for meg: Eit i stor grad øydelagt semester og ikkje lite forbanna. Gamle lysark redda stumpane.

    Meir teknologitrøbbel

  • For litt sidan hadde eg den glede å holda foredrag ved 40-årsjubileet for første datamaskinen til NTH, GIER. Som naturleg var, så ville eg nytta meg av moderne teknologi, det var jo eit seminar for å visa spennet i utviklinga frå 1962 og fram til moderne tid. Eg hadde lagt opp til ein PowerPoint-presentasjon, altså ikkje så veldig avansert - teknisk sett. Eg hadde sikra meg teknisk på fleire måtar, hadde blant anna reservedatamaskin som eg kvikt kunne slå over til viss den første svikta. Hadde også heile opplegget på reservelager som ein i ein fart kunne overføra til ein annan maskin som måtte vera i nærleiken. Av erfaring hadde eg ikkje gjort meg avhengig av kontakt med omverden, internett.

    Men kva opplevde eg? Videokanona i taket ville ikkje meir. Svart som natta. Det var minst fem meter opp for å skifta pære. Den hadde vore noe ustabil ei tid blei det fortalt. Etter noko fram og tilbake før vi forsto feilen, var det inga anna råd enn å ta fram lysark! Her var lerretet heldigvis nede så det var greit. Om lerretmekanismen virkar veit eg ikkje. Av erfaring hadde eg lysark av ein del, har jo lært meg å stilla med reserveopplegg, sjølv om det berre blir eit skjelett av det eg har lagt opp til.

    Konklusjonen min er at institusjonen vår har ein jobb å gjera. Ein kan ikkje invitera til bruk av moderne teknologi når grunnleggjande infrastruktur sviktar. Og her er det ikkje snakk om kva LMS ein skal velga, men langt meir grunnleggjande opplegg som må fungera.

    Arvid Staupe

  •  
     
        
     SEND INN LESERBREV TIL
     REDAKSJONEN >>>
     
     FLERE LESERBREV:
    Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk (19.1 2010)
     
    Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken (15.1 2010)
     
    Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut? (13.1 2010)
     
    Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK (30.12 2009)
     
    Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis (21.12 2009)
     
    Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU” (15.12 2009)
     
    Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva? (10.12 2009)
     
    Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker (10.12 2009)
      Allan Krill: For mappa mi (14.12 2009)
     
    Per Carlsen: Læresteder i klemme (7.12 2009)
      Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme (9.12 2009)
     
    Odd W. Andersen: Saltkraftverk (30.11 2009)
     
    Arkiv