PORNODØMT BARNEFORSKAR: Ikkje NTNU-tilsett
(16.12.02, 14:52) Barneforskaren som nyleg vart straffedømd for oppbevaring av barneporno, arbeider ikkje ved NTNU, men ved ei frittståande forskingsstifting i Trondheim. Nå fryktar leiaren for omdømmet til stiftinga. Ein mannleg barneforskar er dømd til 60 dagars ubetinga, og 90 dager betinga, fengsel for oppbevaring av barneporno. Politiet fann om lag 1.900 pornobilete heime hos han, mest av gutar i alderen åtte til tolv år. Bileta er lasta ned frå nettet.
Forskaren var tilsett ved ei forskingsstifting i Trondheim. Stiftinga ligg utafor NTNU. Mannen fekk sparken i august, umiddelbart etter at tilhøvet vart erkjent.
Dagleg leiar seier at ein nå er mest redd for omdømmet til forskingsinstitusjonen.
- Dette er den verst tenkelege saka vi kunne fått. Ved å reagere så raskt som vi gjorde, har vi markert kor kompromisslaus haldninga vår er når det gjeld kva vi krev av våre tilsette, seier ho.
Ikkje nye prosedyrar
Ho poengterer at han ikkje har arbeidd direkte med barn.
- Har ein vurdert nye prosedyrar i tilhøve til tilsetjingar, til dømes å krevje vandelsattest, slik tilfellet er for barnehagepersonale?
- Vi har gått gjennom prosedyrane våre, men ikkje funne noko å setje fingeren på. Ein vandelsattest ville ikkje gjort noko frå eller til i denne saka, då den aktuelle personen ikkje er tidlegare straffedømd. Forskarar vil fortsett bli tilsett ut frå ei vurdering av faglege kriterier, publiseringar, osb. Det er i dag ikkje vanleg praksis med vandelsattestar i forskingsmiljøet, seier ho.
Av Tore Oksholen |