Lagar solomn i Mosambik
(20.12.02, 08:46) Jørgen Løvseth skal bygge solomn i Mosambik. Omnen, som er det første i sitt slag, kjem til nytte der det er mangel på brensel. Løvseth har, på vegne av solenergigruppa ved Institutt for fysikk, fått 3,2 millionar kroner for å byggje opp lokal kompetanse på utnytting av solenergi i landet. Pengane kjem frå NUFU - Universitetsrådets program for samarbeid med utviklingsland om forskning og utdanning.
Arbeidet med å konstruere ein solomn står svært sentralt.
Parabol
Omnen har ein parabol dekka med speilfliser som samlar solenergien. Ei vifte driven av solceller fører varmen til eit vel isolert lager som består av småstein. Kokeplater og steikeomn er bygd sammen med lageret. Når sola skin vert også vatn varma. Seinare skal også kjøleskap byggas sammen med systemet. Varmelageret vil rekke ein dag eller to.
Parabolen følgjer sola gjennom dagen. Ei mekanisk innretning, driven av eit lodd, syt for framdrift.
Enkel konstruksjon
Gruppa til Løvseth er ikkje den første i verda som prøver å konstruere ein solomn.
- Men vi har inga modell å jobbe etter. Poenget med denne omnen er at den skal fungere og verte produsert under svært enkle tilhøve, seier Løvseth.
Dei tre millionane er svært kjærkomne, seier førsteamanuensen.
Tre grupper fekk pengar
- Men om eg er glad, er det nok andre som er enno meir glad. Professor i fysikk, Boaventura Chongo Cuamba i Maputo, Mosambik, er svært nøgd med at vi får til dette samarbeidet, og pengane skal i hovudsak brukas i Mosambik.
Ved sidan av gruppa til Løvesth, har NUFU bevilga 3,3 millionar til eit program for "water management" i Tanzania under leiing av professor Ånund Killingtveit, og knapt 3 millionar til "The New Faces of Poverty" under Stig Jørgensens leiing.
Av Tore Oksholen |