MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Brrrrr! (3.1.03, 15:32)

Sju grader er det i vinduskarmen til Magnhild J. Romundset og Gunvor Hanssen. Sit dei i NTNUs kaldaste kontor?

Ull: Magnhild Romundset og Gunvor Hanssen kler varmen inne.
Sprengkulda herjer i Trøndelag. Ute er det hufseleg å vere, men jammen kan det verte kaldt innadørs også. Fredag formiddag slo gradestokken ute seg til ro på tjue minusgrader, og Universitetsavisa drog på leiting etter universitetets kaldeste kontorlokale.

Ull, ull og selskinn
Vi veit ikkje om vi fann det, men ytterkontoret i bygg 1, nivå 3 på Dragvoll er ein god kandidat. Svært god. Så god at dei som held til der, har lagt ein gradestokk i vindauget for å dokumentere elendet. Sju grader viste den.

Beviset: Gradestokken i vindauget i kontoret til Romundset og Hanssen dokumenterer elendet.
Derfor var det kan hende ikkje så rart at dei to damene hadde kledd seg opp i ullundertøy og ullgenser – og selskinnstøvlettar.

Men Romundset og Hanssen held hovudet kaldt. Nå har dei bede mannfolka i driftsavdelinga om å komme og tape igjen sprekkene i karmane.

- Folk er varme
VVS–ingeniør Gunnar Winther (!) kan fortelje at dei eldste bygningane på Dragvoll har ein del svakhetar når det gjeld isolasjon. Ein arbeider med utbetringar.

Skinn: Det er ikkje ofte ein må ha selskinnstøvlettar på beina når ein sit framfor PCen. Men slik er det nå.
Winther fortel at dei arbeider på spreng for å halde folk varme. Og folk er stort sett varme, påstår han. - Eg har framleis til gode å høyre at folk frys, seier Gunnar Winther.

Nattsenking
Det kostar mykje pengar å halde bygningsmassen varm. Derfor vert temperaturen senka om natta (frå klokka 20.00 til klokka 06.00) og i store delar av helgane. For ein del tilsette er dette eit ubehag, fordi ein ikkje kan vere på jobben til slike tider utan å pakke seg godt inn i ullklede.

Winther forstår problemet, men seier at ein ikkje kan halde heile bygningar varme på grunn av einskilde som stikk innom jobben. - Men om folk gir oss beskjed, er vi villig til å setje opp varmen der dei måtte trenge det.

Tekst og foto: Tore Oksholen