MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Breiband utan skatt (7.1.03, 11:30)

Tilsette som har breiband heime, vil kunne trekke utgiftene ifrå på skatten. Men då må arbeidsgjevaren ta på seg jobben med å administrere ordninga.

Heime-PC-ordninga som vart etablert for dei tilsette ved NTNU for to år sidan, er slik at ein får trekt ifrå utgiftene på skatten. Ordninga vert administrert av universitetet slik at dei månadlege utgiftene vert trekt av bruttoløna.

Fritak etter same modell
Dette skjer som trekk i bruttoløna, ikkje som reduksjon av denne. Ved reduksjon av løna vert nemleg både pensjonspoeng og feriepengar redusert tilsvarande.

IT-sjef Roar Aspli arbeider med skattefritak-saka akkurat no, og vil ikkje seie så mykje.
Foto: Arne Asphjell
No har Nærings- og handelsdepartementet, i samråd med Finansdepartementet, funne ut at reglane for heime-PC skal kunne gjelde også for breiband. Argumentet er at reglane omfattar datatrafikk - noko som inkluderer breiband, som berre kan nyttast til overføring av data. Telefoni er ikkje med, heller ikkje ISDN som kan nyttast til både datatrafikk og telefoni. Når det gjeld UPC - breiband gjennom TV-nettet - må data- og fjernsynssignal bli skilt frå kvarandre av leverandøren, slik at arbeidsgjevar berre betaler for datadelen.

Kan starte no
Dei to departementa vil snart gjere offentleg innhaldet i avtalen. Men det meste er klart.

- Det tyder at dei arbeidsgjevarane som vil, kan etablere slike ordningar nå, seier avdelingsdirektør Fred Arne Ødegård i Nærings- og handelsdepartementet.

Dette vil halvere utgiftene for mange brukarar. Avhengig av lønsnivå, kan ein spare opp til 55 prosent på skatten. Dermed kan dei reelle utgiftene komme ned i 200 kroner månaden.

Arbeidstakarar som har ordna seg breiband privat, vil saman med arbeidsgjevar kunne konvertere avtalen slik at skattefritak vert etablert.

Kva seier NTNU?
Men, og det er eit men: For at NTNU-tilsette skal kunne dra nytte av fordelen, må NTNU som arbeidsgjevar ta på seg jobben med å administrere ordninga. Det spørsmålet er førebels ikkje avgjort.

IT-sjef Roar Aspli seier at han nå skriv på eit notat til leiinga om saka. Han er ikkje villig til å seie så mykje nå.

- Når vil ei eventuell ordning kunne bli sett i verk?
- Eg vil ikkje forskottere noko som helst nå. Først må ein ta stilling til om ein vil etablere ei slik ordning, seier Aspli.

Av Tore Oksholen