Undersøker sølvgruve i Oslo
(8.1.03, 15:22) Kor gammal er sølvgruva som ligg under Aker Kyrkje midt i Oslo? TV2 viser eit program om det torsdag kveld. Her fortel mellom anna Terje Thun (biletet) ved Biologisk institutt om alderen på gruva. |
Gruvesystemet går 30 meter ned under bakkenivå. |
Midt i Oslo sentrum, under gamle Aker Kyrkje, ligg eit gruvesystem som fører meir enn tretti meter ned under bakkenivå. Dette har vore ein av de tidligaste sølvgruvene i landet, kanskje den aller første. I moderne tid har ingen vore ned i desse gruvene.
Middelaldergruve?
Men i to år har nå grottedykkarar søkt ned i gruvene for å finne spor frå sølvutvinninga ved Akerselvas bredd. Målet har vært å utforske denne historisk godt bevarte løyndomen midt i Oslo by. Saman med ulike fagmiljø i landet har dykkarane leita etter konkrete bevis for å avdekke gruvas opphav. Kan hende vil det vise seg at den stammer frå middelalderen og at den dermed er å regne som eit freda kulturminne.
På toppen av berget troner Gamle Aker Kyrkje, hovudstadens eldste ståande bygning. Det vert spekulert i at nettopp sølvet frå gruvene var med på å finansiere kyrkja. Hittil har ein trudd at gruvene stammer frå den tida då Norge var underlagt Danmark.
Årringar
Terje Thun ved Biologisk institutt, NTNU, har jobba med å avgjere kor gammal gruva er. Thun er truleg landets framste ekspert på dendrokronologi - ein metode til å avgjere alderen på tre.
- Min jobb har vore å datere trekonstruksjonar nedi gruva, fortel Thun. Han forsvarte doktorgraden for tre månader sidan, der tema var oppbygging av referanseseriar på årringar rundt om i Noreg.
|
Tømmeret Thun undersøkte hadde opp til 71 årringar. |
8200 år
Metoden går ut på å ta utgangspunkt i ferskt tømmer og måle årringane ut frå kunnskap om veret år om anna: Gode somrar gir breie årringar, osb. Så går ein bakover i tid og nyttar stokkar (mest furu) som overlappar kvarandre. Slik kan ein byggje seg langt bakover i tid. Fram til nå har Thun kome 1500 år attende, men han sit med ein stokk som er 8200 år gammal. I prinsippet skal ein kunne bugge seg attende til siste istid.
Slike seriar av årringar vert som fingeravtrykk, fortel Thun. Om ein har ein tilstrekkeleg lang serie, opp mot hundre år, er ikkje ein serie lik den andre.
|
I to år har dei røynde grottedykkarane Tore Lien og Ronny Arnesen søkt ned i gruvene. |
1516
Stokken frå sølvgruva i Oslo hadde 71 årringar. Thun fann at stokken vart felt i år 1516. Dermed har ein også temmeleg nøyaktig alderen på gruva, sjølv om det kan gå ei viss tid frå tømmeret er felt til det vert teke i bruk.
Sendinga går på TV2 torsdag klokka 20.00.
Av Tore Oksholen |