MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

USA vs. IRAK:
- Krig kan bli blodig (9.1.03, 15:23)

Faren for krig i Irak er overhengande. Ein slik krig kan bli svært blodig, åtvarar James M Lindsay, tidlegare rådgjevar for Clinton. Men han trur mest på at USA vinn ein rask og grei siger.

Lindsay er i dag senior fellow ved Brookings Institution, og gjesteføreleste på Dragvoll torsdag. Emne: Amerikansk utanrikspolitikk og Irak.

James Lindsay: - Vanskelegare å vinne fred enn krig.
Ein treng ikkje vere statsvitar og ekspert på utanrikspolitikk for å skjøne at det kan kome til krig i Irak om kort tid. Den 27. januar er tida ute, då skal leiar for våpeninspektørane, Hans Blix, levere sin endelege rapport.

Krig kan kome kort tid etter. Det heng mellom anna på om USA får FN med på ein ny resolusjon. Dersom det ikkje skjer, er spørsmålet om USA vil gå til krig utan FN, bare følgt av dei næraste støttespelarane - Storbritannia, Tyrkia, Kuwait, Saudi-Arabia, Oman og Dei sameinte arabiske emirata. Dette er statar USA er svært oppteken av å ha med på laget.

Krig er nær
Krig er ikkje umogleg å unngå, seier Lindsay. Men krig er svært nær. For Bush-administrasjonen dreier dette seg om å late ord bli følgt av handling. Ein vil svært gjerne ha ein resolusjon i FNs tryggingsråd i ryggen.

Mykje tyder på at det kan skje, seier Lindsay: Dei andre medlemmene i rådet er lite lystne på å øydeleggje tilhøvet til USA på grunn av omsynet til Saddam og Irak. Dette gjeld også Kina og Russland, som venteleg vil avstå frå å stemme.

- Dessutan tek medlemmene i rådet - ikkje minst Frankrike og Storbritannia - amerikanaranes trugsmål om å gå til krig åleine om naudsynt, svært alvorleg. Dersom USA går til krig utan FN på lag, og vinn ein rask og lett siger, vil prestisjen til Tryggingsrådet få seg ein alvorleg knekk, seier Lindsay.

Bakkekrig må til
Ein vert nøydd til å setje inn troppar på bakken for å slå Irak. Styrkane vil rykke fram mot Bagdad snarast mogleg, og så omringe hovudstaden. Ein satsar på at Saddam vil velje å rømme landet, eventuelt bli fjerna av generalane sine, og at krigen er over etter 4-5 dagar, trur Lindsay.

- Eg vurderer sjansane for ein enkel siger for Bush til å vere 5/6, seier han.

Men det er ein klar risiko for at det ikkje går så lett. Dersom styrkane omringer Bagdad, og Saddam seier: "Kom og ta meg," så kan ein få ein rå og blodig gatekrig frå hus til hus. Det vil koste mykje, ikkje minst i form av drepne amerikanske soldatar. Lindsay trur ikkje den amerikanske opinionen vil vere særleg uthaldande om dette skjer. Då vil Bush få problem.

Fryktar kjemiske våpen
- Dessutan har ein risikoen for at Saddam tek i bruk kjemiske og biologiske våpen, utan omsyn til eigne sivile tap. I den arabiske verda kan dette lett bli til at amerikanarane får skulda. Tilhøvet mellom USA og dei arabiske nasjonane vil bli skada endå meir, åtvarar Lindsay.

Men situasjonen kan bli verre enn dette.

- Kva om Sharon nyttar høvet til å gjere opp med palestinarane ein gong for alle, i skuggen av krigshandlingane i Irak? Eller: Kva om Saddam lukkast med å sende ein rakett med biologiske/kjemiske våpen som treff Tel Aviv, og israelarane svarer med atomvåpen? Desse scenariene er lite trulege. Men krig har ein lei tendens til å kome ut av kontroll, seier Lindsay.

Demokrati?
Men det kan også gå bra, poengterer amerikanaren. Kan hende lukkast USA med å vinne ein ublodig siger, og deretter får stabla eit brukbart demokratisk regime på beina. Dersom dette vert verdsett i den arabiske verda, kan resultatet bli rett så bra. Men dette scenariet føreset at Bush bestemmer seg for å bli verande og satse på utvikling av Irak etter at sigeren er trygga, avsluttar James Lindsay:

- Det er mykje vanskelegare å vinne freden enn å vinne krigen.

James Lindsay var direktør for "Global Issues and Multilateral Affairs" i Det nasjonale tryggingsrådet i perioden 1996/97.

Tekst og foto: Tore Oksholen