Trond-Viggo snakkar ut om sædcella
(13.1.03, 14:24) Tysdag skal Trond-Viggo vere med på ein førelesing på Gløshaugen. Utgangspunkt er møtet mellom eggcella og sædcella. Førelesinga handlar om bruk og formidling av vitskap og teknologi.
- Vi vil formidle til studentane kor viktig det er med eit kritisk blikk også på forskingsaktivitet og vitskapelig kunnskap, seier fagleg koordinator for ex.phil. - Modul II, Nora Levold.
|
Kjent frå TV, legekontor - og som sædcelle. |
Framifrå formidlar
Ho meiner at ein av de som verkelig har gjort ein jobb når det gjeld å formidle medisinsk vitskap og ekspertkunnskap gjennom barne-TV til den generasjonen som no er studentar, nettopp er Trond-Viggo Torgersen.
- Vi er vel mange som hugsar Trond-Viggo som sprang omkring i studio med ein taustump som hale og leika sædcelle. Tilfeldigvis er det nettopp møtet mellom eggcella og sædcella som er vårt døme når vi problematiserer kva som går føre seg når vitskapelige observasjonar skal tolkast og beskrivast.
Eigen tolking
Levold vonar at legen og TV-mannen Torgersen vil nytte høvet til å øse av sine røynsler på området.
- For 20 år sidan hadde Trond-Viggo si spesielle tolking av møtet mellom eggcella og sædcella. Vi vil kome med ulike alternativ på førelesinga, - og utfordre Trond-Viggo til å kommentere dei, seier Nora Levold.
Trond-Viggo Torgersen er invitert til Modul 2-forelesning på Gløshaugen tysdag klokka 15.15, auditorium F1. Høyr Trond Viggo synge tannpussesongen for Flode.
|