MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

TV-serie frå Samfundet (14.1.03, 14:16)

Storsalen i Samfundet blir arena når TV-kjendisen Trond-Viggo Torgersen dreg i gang ny underhaldningsserie for NRK. Serien vert heitande "Trond-Viggo og Samfundet."

- Dette gler vi oss til, seier hovudpersonen sjølv, Trond-Viggo Torgersen.

Tom sal: Men Trond-Viggo vonar at det vert smekkfullt 6. og 8. februar.
No har NRK for alvor oppdaga kor fotogen det runde huset i Elgeseter gate eigentleg er. Knut Olsen rekte knapt å gjere ferdig sin debattserie for NRK2, før storebror NRK1 tek over.

Barne-TV-onkelen, doktoren og gjøglaren Trond-Viggo Torgersen skal bere ein underhandlingsserie som vil gå over seks torsdagar i vår. Sendestart er 6. mars.

Live
Opptaka til serien går live i Storsalen torsdag 6. og laurdag 8. februar, vonleg for fulle salar. Det tyder at alt som kan krype og gå av studentar og tilsette er hjarteleg velkomne, seier prosjektleiar Hasse Lindmo.

Torgersen var sjølv i Trondheim tysdag, mellom anna for å bleste serien, som består av eigenprodusert materiale. Sketsjar og songar frå eit langt artistliv er berebjelka. Soleis vil publikum få sjå att seks av Torgersens alter ego: Torsdag får ein treffe Lilly Blossom, med kordamer, vaktmeisteren og den gamle mannen. Laurdag kjem Skotten, Sinte Jens Ovesen, Terje Møller frå dansebandet Topaz. Song vert det også. Trond-Viggo opptrer med fullt orkester og mange gamle songar.

Flode kjem
Dessutan kjem Flode frå gamle dagars Barne-TV kome på snarvisitt. Dermed ligg det an til mimrestund for mange unge vaksne.

Lindmo skryt masse over kor eigna Samfundet er for store TV-produksjonar.

- Det er eit unikt hus. Med Samfundet har Trondheim Norges finaste sal, og tidvis Norges beste publikum. Vi gler oss til å vise fram salen i storformat på TV, seier Lindmo.

Tekst og foto: Tore Oksholen