ISFiT sa nei til Clinton
(17.1.03, 15:38) Bill Clinton hadde sagt ja til å vitje den internasjonale studentfestivalen i Trondheim. Men nå trekker ISFiT invitasjonen. Årsaka er luksuskrav frå eks-presidenten. Mellom anna skulle han ha eige jetfly tur/retur London-Trondheim. |
Positivt innstilt til ISFiT - men det får ikkje hjelpe. No står ikkje Bill Clinton lenger på gjestelista. |
- Vi er kjempeskuffa, seier festivalleiar Øystein Mørch.
ISFiT har lenge jobba for å få Clinton til Trondheim, og vart svært glade då han sa endeleg ja for ei tid tilbake. Men så dukka problema opp.
Agentbyrået hans i London stilte ei rad krav som festivalleiinga oppfatta som fullstendig uakseptable. Mellom anna skulle eks-presidenten ha privatfly frå London.
- Grådigheit
- Vi oppfattar krava som uttrykk for ein grådigheitskultur som vi tek sterk avstand frå, seier Mørch.
Han kan ikkje seie sikkert om dei ublue krava kjem frå Clinton personleg.
- Det vi veit, er at han heile tida har vore kjempepositiv til å kome hit. Derfor er dette svært trist. Om vi skulle innfridd krava, ville vi fjerna oss fullstendig frå det festivalen står for.
For kort tid sidan vart det kjent at Eva Joly og José Ramos-Horta også kjem til festivalen. Begge stiller gratis.
Av Tore Oksholen |