(1.1.70, 01:00) SLIK VERKAR EIT TRÅDLAUST NETTVERK:
Datamaskiner som ønskjer å kommunisere med eit trådlaust nettverk, treng eit trådlaust nettverkskort. Desse fins både for berbare og stasjonære maskiner, men er mest vanlig for den første kategorien.
Kortet har gjerne ein liten antenne der funksjonen er å auke styrken på de signala som sendes, og det skil seg dermed frå vanlige nettverkskort.
Det trådlause nettverkskortet kommuniserer så med éin eller fleire basestasjonar. Desse basestasjonane er kopla til det fysiske nettverket gjennom ein regulær nettverkskabel, og har som oppgåve å formidle vidare signala fram og attende mellom det trådlause nettverkskortet og det fysiske, kabla netverket. Ein slik basestasjon kan handsame signal frå mange trådlause nettverkskort samstundes. |