Jus-fakultet framleis i det blå
(19.1.03, 21:24) Lite tyder på at NTNU opnar for reine juss-studiar med det første. Men det er von i hangande snøre, trur Steinar Nygaard ved Institutt for industriell økonomi og teknologileiing. "Domstolsadministrasjonen nekta faglege omgjevnader?" var tittelen på fredagens frukostmøte i Teknobrønnen.
Stortinget vedtok ein ny domstolsadministrasjon i 2001. I samband med omlegginga vart det avgjort at hovudsetet skulle verte flytta til Trondheim.
Samstundes husar Trondheim det einaste norske universitetet utan eit eige juridisk fakultet. Er det sjansar for å gjere noko med dette? Det var hovudspørsmålet under debattmøtet.
|
Det kan fortsatt gå ei stund før dette blir pensumbok ved NTNU. |
Etterlyser ambisjonar
Direktør Knut Sæther i Domstosadministrasjonen er, ikkje uventa, ihuga tilhenger av juridiske studiar ved NTNU. Han føresette friske midlar til dette frå staten, og etterlyste samstundes ambisjonar frå universitetet om å få oppretta eit juridisk fakultet.
Rektor Eivind Hiis Hauge har tidlegare uttala seg temmeleg negativt til noko slikt. Innlegget hans var slik sett mindre kategorisk, og det kom kommentarar frå salen som berømma han for å vere meir open.
Hauge sa likevel frå om at han ikkje ser for seg noko juridisk fakultet ved NTNU med det første.
- Begynne i det små
Steinar Nygaard hadde derimot stor tru på at eit juridisk miljø vil utvikle seg ved NTNU i åra som kjem.
- Men vegen å gå er ikkje å slåst for etablering av eit eige juridisk fakultet. I staden bør ein satse på å utvikle og styrke dei frøa som finst, sa han.
Nygaard minte om at det finst viktige juridiske komponentar ved minst to studietilbod ved NTNU i dag - mellom anna kontraktsrett og miljø- og ressursrett.
Av Tore Oksholen Rektor Eivind Hiis Hauge har tidligere sagt klart nei til jus-studium ved NTNU.
|