MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Trådlaus og litt rådlaus (20.1.03, 16:30)

Trådlause nettverk er i kjømda. Enno er bare nokre få område klargjort, men planen er at alle område ved NTNU kor det finst plass for studentar å arbeide skal vere tilgjengeleg for oppkopling. Universitetsavisa testa ut systemet i kantina på Dragvoll.

NTNU vil ha studentar som kan røre på seg. Studentar som ikkje er avhengig av kvar sin lesesalsplass, men som kan arbeide der det til einkvar tid passar best - på lesesalen, i kantina, eller i biblioteket. Etter kvart vil ein kan hende kunne sitje utanfor bygget og arbeide, når klimaet tillet det.

Med trådlaust nettverk kan ein heile tida vere i kontinuerlig kontakt med andre studentar, med forelesarar, og med databaser ein måtte trenge.

I framtida kan du sitje i kantina og lese Universitetsavisa - innimellom pensumstoffet.
Namn på nettverk
Vi testa ut systemet i kantina på Dragvoll, med vår nye laptop. Pc-en vart fyrt opp, og gitt beskjed om å logge seg på. Så skjedde ingenting.

Etter fleire mislukka forsøk var vi framleis like rådlaus. Vi klappa maskina saman og rusla bort til Orakeltenesta. Men dei var ikkje opna så tidleg på dagen, så vi gjekk vidare inn til IT-seksjonen. Der kunne ein hyggeleg fyr, etter å ha romstert rundt i maskina mi ei stund, konstatere at den mangla ein SSID, eit nettverksnamn som gav beskjed om å ringe opp NTNU-nettverket.

Ein må nemleg legge opp ei liste over "foretrukne nettverk," fordi pc-en er på kontinuerlig leit etter nettverk i nerleiken.

Merk at det kan vere ein nabo som har sett opp sitt eige husnettverk for trådlaus kommunikasjon mellom fleire datamaskinar i bustaden. Dersom administrator av dette nettverket ikkje har lagt inn nokon form for adgangsavgrensing, kan kven som helst innafor rekkevidde kople seg på.

Støtte viktig
Etter att dette var rydda opp i, gjorde vi eit nytt forsøk frå kantina, og det gjekk strålande. Vi kunne til og med høyre på internettradio medan vi jobba med denne artikkelen. Det skulle tyde på brukbar overføringsfart (11 megabit per sekund), sjølv om bandvidda er mykje mindre enn via konvensjonell breidde, som er på 1 gigabit i sekundet.

Med andre ord: Dette fungerer. Men det er naudsynt med god støtteteneste når mange nye brukarar kjem på nett. Dessutan er det ein stor fordel med ein kraftig, ny maskin, med nytt og oppdatert operativsystem installert.

FAKTA

SLIK VERKAR EIT TRÅDLAUST NETTVERK:
Datamaskiner som ønskjer å kommunisere med eit trådlaust nettverk, treng eit trådlaust nettverkskort. Desse fins både for berbare og stasjonære maskiner, men er mest vanlig for den første kategorien.

Kortet har gjerne ein liten antenne der funksjonen er å auke styrken på de signala som sendes, og det skil seg dermed frå vanlige nettverkskort.

Det trådlause nettverkskortet kommuniserer så med éin eller fleire basestasjonar. Desse basestasjonane er kopla til det fysiske nettverket gjennom ein regulær nettverkskabel, og har som oppgåve å formidle vidare signala fram og attende mellom det trådlause nettverkskortet og det fysiske, kabla netverket. Ein slik basestasjon kan handsame signal frå mange trådlause nettverkskort samstundes.

Berbar for alle
NTNU ønskjer at alle studentar etter kvart skal kjøpe eigen pc. Det vil i praksis seie berbar. Når dei fleste studentane etter kvart blir kopla opp på trådlause nett, vil nye former for undervisning kunne utvikle seg.

IT-avdelinga planlegg eit nytt studenttilbod på berbar pc. Det vil vere ei pakke som ein leverandør står ansvarleg for, men kor NTNU byr på støttteneste for nye brukarar. Fordelen med å gjere det slik, er at studentane har same maskin med same utstyr installert. Dette vil gjere datastøtta enklare.

Spørsmålet om studentar med andre og eldre maskinar og nettverkskort vil få like mykje hjelp, er usikkert.

Inn til vidare er bare eit fåtals sendarar utplassert på Gløshaugen og Dragvoll. Men målet er at alle område på campus, medisinsk-teknsisk senter inkludert, skal vere detta.

Men kva med tryggleiken - risikerer ein ikkje at uvedkommande lett trenger inn, både på NTNU sine fellesområde, og den einskilde datamaskina?

Tryggleik
IT-seksjonen meiner at ein har teke godt vare på tryggleiken gjennom å nytte såkalla VPN-klientar. Ein VPN-klient set opp ein såkalla "sikker tunnel" mellom din maskin og en VPN-konsentrator på NTNU. Dette vil seie at all trafikk fra din maskin og ut i verden vil gå gjennom denne tunnelen. VPN-teknikken nyttast både for trådlaust nett og for ADSL heimefrå,

Bruken av VPN fører til at tryggleiken på det trådlause nettverket ved NTNU er minst like høg som på det kabla nettverket, forsikrar Itea. Ein kan trygt nytte seg av dette utan å trenge å uroe seg for integriteten til dei data som vert sendt.

Det trådlause nettet skal etter planen vere ferdig utbygd innan sommaren.

Tekst og foto: Tore Oksholen

Les også: Sams nett med Sintef