75 friske mill. til sykdomsforsking
(21.1.03, 14:34) Helseføretak Midt-Norge spyttar inn 65,5 millionar kroner til medisinsk forsking. Pengane skal mellom anna nyttast til stipendiat- og post.doc-stillingar, dels større prosjekt. Det er leiinga for Helseføretak Midt-Norge som har vedteke å gi ein prosent av samla driftsbudsjett til forskingsaktivitet administrert av Samarbeidsorganet for NTNU og Helse Midt-Norge. Dette utgjer 65.5 millionar kroner.
Helseføretak Midt-Norge er åleine om å gi ein slik pengesum til medisinsk forsking. Føretaka er ikkje lovpålagt å gjera dette.
Av dette er ein tidel, eller 6.5 millionar, sett av til stipendiat- og post.doc-stillingar. Seksjonssjef Arild Skaug Hansen trur ein kan få ikring ti stipendiatar ved fakultetet. Pengane skal gå til medisinsk forsking for å yte betre spesialisthelsetilbod i regionen. Stipendiatane vil vere plassert ved ulike sjukehus i regionen, men er knytt til doktorgradsprogrammet ved Det medisinske fakultetet.
Medisinsk teknologi er eit av satsingsområda, og vil vere solid representert, seier han.
Stipenda vil bli lyst ut om kort tid.
Frå den same potten utlyser fakultetet, i samråd med St. Olavs Hospital, også stønad til større prosjekt for til saman 10 millionar kroner. Denne utlysinga har gått til institusjonane ved DMF og avdelingane ved sjukehuset.
Av Tore Oksholen |