I kø for nytt passord
(22.1.03, 13:51) Etter kvart som nyhendet om datainnbrotet vart kjend, vaks køen av studentar framfor Orakeltenesta sitt kontor på Dragvoll. Men ekspederinga gjekk fort unna. Biletet av køen er teke litt over klokka tolv, og talde då ikring tjue studentar.
Hovudfagsstudent på samfunnsøkonomi, Ivar Clausen, var ein av dei som måtte finne fram studentbevis og hente nytt passord hos Orakelfunksjonær Jonathan Ogilvy. Det var fort gjort. Oppslag på utsida av kontoret gav studentane beskjed om å ha ID-kort klart, saman med brukarnamn og nytt passord.
Dei første studentane sto klare då Orakel opna klokka ti. Sidan har det gått i ein jamn straum. Likevel fekk vi inntrykk av at mange studentar ikkje var merksame på kva som hadde skjedd: Stripa på Dragvoll var fullt opp av folk som dreiv på med sine ting. Spørsmålet er om mange studentar vil få seg ei ubehageleg oppleving når dei loggar seg på med sitt gamle passord i morgon, og oppdagar at dei er stengt ute.
Tekst og foto: Tore Oksholen Les hovedartikkel:
Passord må byttes som følge av datainnbrudd
|