DATAINNBRUDDET: Datakrim: 6 av 10 angripne
(22.1.03, 21:28) Seks av ti norske verksemder vart utsett for dataåtak i 2001, viser ei undersøking utført av Næringslivets Sikkerheitsorganisasjon. Undersøkinga konkluderer med at datakrim er i sterk vekst. Fungerande sjef for politiets datakrimsenter, Rune Fløisbonn, las om dataåtaket på NTNU onsdag føremiddag, og sytte for at NTNU vart kontakta umiddelbart.
- Det er viktig at slike saker vert meld til politiet så raskt som råd er - og at ein tek kopi av alle loggar på maskinene som er ramma, seier Fløisbonn.
Politiets datakrimsenter er underlagt Økokrim. Senteret etterforskar 30-40 saker årleg. Dei fleste gjeld datainnbrot. Men det er svært store mørketal, noko Fløisbonn trur kjem av at verksemder som er angripne, har lita tru på at politiet er i stand til å finne gjerningspersonane.
|
Rune Fløisbonn.
Foto: Universitas |
Oppklaring
- Men det er feil. Faktum er at vi har oppklart dei fleste av dei sakene vi har etterforska, seier han.
Etter datainnbrotet mot Universitetet i Oslo før jul sa Fløisbonn til avisa Universitas at lærestader er dei stadene hvor hacking er mest utbredt.
I tillegg til dei sakene som kjem til Økokrim, vert mange saker etterforska av dei lokale politikammera. Ein har ikkje tal på kor mange av desse sakene som blir oppklarte.
Dataloggar
Politiets sjansar for oppklaring er desidert størst der ein får tak i loggane, som kan gjere ein i stand til å spore åtaket tilbake dit det kjem i frå. Når det gjeld åtaket på NTNU, er mange av desse loggane sletta eller endra av innbrotstjuvane, og dette vil gjere saka vanskelegare - spesielt dersom åtaket kjem frå utlandet.
Datakrim aukar
I 2001 vart 62 prosent av norske verksemder utsett for ei eller anna form for datakriminalitet. Det viser ei undersøking om mørketal, som Næringslivets sikkerheitsorganisasjon (NSO) og Økokrim gjorde offentleg i fjor.
Undersøkinga som Markeds og mediainstituttet as gjorde viser at datakriminaliteten mot norske verksemder aukar. Samstundes er det ei stor underrapportering av slik kriminalitet. Ut frå mørketala har Økokrim og NSO rekna ut at norske verksemder vart utsett for ikring 7.500 datainnbrot, 500.000 forsøk på datainnbrot og ni millionar virusåtak i 2001.
Av Tore Oksholen NSO-undersøkinga om mørketal
|