- Sjokkert og forbanna
(31.1.03, 10:42) Studentane vart undervist av professor Alex Hansen ved Institutt for fysikk. Hansen meiner kritikken er forfeila, og er rysta over utspelet deira. |
- Hvis studentane hadde høyrt etter kva eg sa, hadde dei greidd dette utmerkt, slår professor Alex Hansen fast.
Foto: Tore Oksholen |
Når det gjeld kritikken om manglande pensumlister, svarer han slik:
- Eg har ikkje undervist i dette kurset før, og eg sa mange gonger til studentane at eg ville finne ut kva dei kunne. Eg definerte eit maksimum, men det vart mindre. Men ein visste ikkje kor nivået til studentane låg, og måtte justere for dette undervegs.
- Fungert før
Kritikken om manglande samsvar mellom undervisning og øvingsopplegg, forklarer han med at han overtok eit gjennomarbeidd opplegg, som har vist seg å fungere godt tidlegare år.
- Eg overtok eit opplegg, og ein kan ikkje bare gå inn og gjere ein total endring sånn utan vidare. Dessutan gav eg dei ekstra oppgover, etter å ha vore spurt om det.
Tok over på kort tid
Professor Hansen fortel at han måtte steppe inn og overta kurset på relativt kort tid.
- Tyder det at du ikkje hadde god nok tid til å lage eit godt opplegg?
- Nei, det tyder det slett ikkje. Opplegget har vore brukt i 2-3 år, og når eg overtek eit opplegg, går eg ut i frå at det er ålreit. Og det var faktisk heilt OK, det som var.
Vanskelege oppgåver?
Han fortel at han vil gå igjennom øvingsoppgåvene på nytt før kurset vert køyrt til hausten.
- Kan det tolkast som ei innrømming av kritikken mot øvingsoppgåvene?
- Øvingane har nok vore litt for vanskelege. Det tyder at ein må skru nivået ned. Eksamensoppgåvene er henta frå eit nybyrjarkrus frå eit anna norsk universitet. Derfor burde dei ikkje vore for vanskelege. Men når dei er det, må eg som undervisar ta konsekvensane av det.
- Vil koke framfor å rekne
Professor Hansen meiner at kritikken langt på veg kjem av at mange studentar har fått for vane å koke oppgåvene i staden for å rekne dei. Koking tyder at ein hentar ut ferdig løyste oppgåver frå nettstader, og leverer dei på nytt.
- Dette har eg fått konkret tilbakemelding på ifrå studentar.
Professor Hansen meiner studentane er på leit etter bortforklaringar på kvifor dei ikkje gjorde det betre.
- Det at studentane fokuserar på øvingsoppgåvene verkar på meg som eit halmstrå. Saka er at dei hadde ikkje budd seg godt nok.
Forbanna
Undervisaren gjev uttrykk for at han er rysta over utspelet til studentane.
- Eg er sjokkert og forbanna. Kva er det med desse ungdommane i dag? Det ville aldri falle studentar i min generasjon inn å klage på læraren dersom vi hadde dumpa. Dersom dei hadde høyrt etter kva eg sa, hadde dei greidd dette utmerkt. Eg terpa på dei viktigaste tinga gong på gong, seier professor Alex Hansen. Les hovedartikkel:
Fysikk: Seks av ti strauk
|