FYSIKK-STRYK: - Dårlege studentar skuldar på andre
(3.2.03, 13:45) Har studentane gjort til vane å skulde på faglæraren kvar gong resultata deira ikkje er som forventa? Det meiner professor Martin Ystenes, som rykker ut med støtte til professorkollega Alex Hansen. |
Martin Ystens har lite til overs for studentar som ikkje tek ansvar.
Arkivfoto: Arne Asphjell |
Før helga kunne Universitetsavisa fortelje at seks av ti studentar strauk ved ein fysikkkeksamen. Ei gruppe studentar skulda på faglæraren, professor Alex Hansen. Hansen slo tilbake og sa at studentane leitar etter bortforklaring på manglande prestasjonar. Studentane hadde ikkje budd seg godt nok, sa professor Hansen.
Nå får han aktiv støtte frå Martin Ystenes.
- Dei vil ikkje jobbe
- Eg skjønar reaksjonen hans svært godt. Mange studentar oppfører seg som om dei er kjøparar av eit studentilvære, og ikkje er her for å jobbe, hevdar professor Ystenes.
- Vi ser denne type reaksjonar stadig oftare: Når dei gjer noko dårleg til eksamen, er det automatisk faglærarens skuld.
Ystenes har lite til overs for den type åtak som studentane kom med her.
- Den klagesongen vi ser i tilfellet her, viser etter mi meining at ein ikkje har vilje til å ta ansvar for eiga utdanning.
Mindre sjølvstendige
Denne ansvarsfråskrivinga representerer eit trekk ved nye studentar, som faglærarane ser stadig meir av, seier han:
- Når ein kritiserer elevens kunnskapsnivå, så får ein høyre frå pedagogar at elevane i dag skal lære seg å tileigne seg kunnskap, ikkje bare kunne ting. Men det vi ser, er at studentane er mindre sjølvstendige i dag. For mange er drivkrafta til å lære altfor svak, og dei overlet ansvaret for å lære til andre.
Professor Ystenes trur at NTNU på dette området burde bli krassare overfor nye studentar.
- Vi bør kan hende gjere det mykje klarare overfor nye studentar, kva vi ventar av dei.
- Koking eit problem
Han er einig med Hansen i at koking ser ut til å bli eit stadig større problem, ved at stadig fleire studentar føretrekk å kopiere løysingsforslag framfor å rekne oppgåvene sjølv - og så pugge forslaga til eksamen.
- Ein del studentar stryk så det ljomar, sjølv om dei har registrert nok øvingar. Det kunnskapsnivået dei viser, er så dårleg at dei kan ikkje ha gjort noko som helst i løpet av semesteret, og det er heilt klart at dei har kokt.
Eige opplegg
Professor Ystenes har sjølv utarbeidd eit eige opplegg med deleksamenar, som har fått strykprosenten drastisk ned. Opplegget tek noko av ansvaret for progresjonen ifrå studentane, ved at ein kan ta jamnlege prøver gjennom semesteret. Både Universitetsavisa og Dagbladet har skrive om opplegget - som du kan lese meir om her.
Av Tore Oksholen Her er saka om dei som strauk
|