MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Alex Hansen: Det finst ting ein ikkje gjer (6.2.03, 11:51)

I førre veke fekk han skulda for at studentar strauk til eksamen. No sitt han framfor meg og rister oppgitt på hovudet. - Haldningane hos ein del studentar skremmer meg.

- Men er det ikkje bra med aktive og kritiske studentar?

- Dei vi talar om her, er ikkje aktive, berre kritiske.

Det som hendte, er dette: Professor Alex Hansen, Institutt for fysikk, underviste i fjor haust i emnet SIF4004 Fysikk. Sensuren vart gjort offentleg i førre veke. Då vart det klart at 78 av 128 - seks av ti - studentar strauk.

Ei gruppe studentar let seg intervjue av underteikna. Skulda for det elendige resultatet legg dei på faglæraren.

Neste morgon ringer eg professor Hansen. Han kom attende frå ei reise til Brasil kvelden før, og er totalt ubudd på kva som skjer. Han let seg intervjue, og les igjennom teksten. Reportasjen vert publisert ved lunsjtider fredag.

Det vart inga hyggeleg helg. Han tek teljing: Gidd eg eigentleg dette? Sambuaren hans oppmodar han til å sjå seg om etter ein ny jobb.

VAKRE BLOMKÅL: Fysikaren Hansen er svært oppteken av kunst. Naturvitskap og kunst heng tett saman, meiner han - og fysikk handlar mykje om estetikk.
- Kva er den vakraste forma du kan tenke deg?
- Eit blomkålhovud.
- Jaha.
- Den er bygd opp lag for lag, med ein gjennomført, om enn uvanleg, symmetri. Set deg ned og studer det, så får du kan hende deg ei overrasking.
Fekk tilbod han ikkje kunne avslå
Vi tek to steg attende: Alex Hansen tek doktorgraden ved Cornell University, New York. Etter kvart flytter han til Frankrike, og får fast stilling ved CNRS - den franske nasjonale forskingsorganisasjonen. I 1994 får han tilbod om jobb ved NTH. Han tek den på flekken.

- Med det ryktet NTH hadde, og med den stillinga miljøet for teoretisk fysikk her hadde, og har, var dette eit tilbod eg ikkje kunne seie nei til.

Han trivst svært godt ved instituttet. Spennande fag, inspirerande forskingsmiljø, motiverte og flinke studentar, er gode grunner til å halde fram.

Då kan det verke noko merkeleg at ho han held hus med, brått oppmodar han til å slutte.

Bombardert av epost
Det er fleire moment som spelar inn.

Åtaket frå studentane opplevde han som særs ubehageleg. Men det kom ikkje heilt overraskande.

- Eg har til tider vore bombardert med epost frå ein del av dei: Stadig masing om ting eg har svart på mange gonger allereie; spydige og frekke kommentarar.

Han har nå funne ut at han ikkje er åleine.

- Etter at saka vart publisert i Universitetsavisa, har eg spurd meg føre. Det viser seg at dei fleste av kollegane mine har vore ute for liknande: Reine personangrep, gjerne i omfang som får det til å likne på kampanjar.

Intuisjon trengst
Han viser fram oppgåvesettet som førte til den høge strykprosenten. Det handlar om å rekne på objekt i rørsle. Det føreset ei viss intuitiv forståing, poengterer Hansen.

Den eine oppgåva handlar om ein metallstang som fell, kjem borti noko som gjer at stanga byrjar å rotere. Rotasjonen gir stanga ein bane omtrent som ein fotball som får ein skru. Dette var det urovekkjande mange som ikkje forstod, seier han.

Ei anna oppgåve tok for seg ei roterande skive som vart sett ned på eit underlag. Poenget her var at skiva ville spinne idet ho kom i kontakt med underlaget. Igjen var det altfor mange som ikkje tok dette.

- Og dette er studentar som i framtida skal leie teknologi-utviklinga i dette landet. Dette er folk som skal bygge bruer som vi må stole på. Korleis skal vi kunne det, når dei ikkje har grunnleggande innsikt i korleis naturen fungerer?

Slåst seg imellom
Hansen er full av lovord om studentane ved sitt eige institutt. Vegleiing og undervisning her elskar han. Det er ved dei store klassane beståande av lågt motiverte studentar frå andre fagområde, at problema oppstår, seier han.

- Når så disse dumper alt ansvar for egen læring på læraren, blir jobben tung.

Då er det viktig med et godt kollegialt miljø. Men eit stort problem med å drive forsking ved eit universitet, er at det er så lite pengar. Det fører til at ein slåst seg i mellom om det som er å få tak i.

- Det stel tid, og krefter. Når ein i tillegg vert skoten på av studentane, kan det bli i meste laget.

Reknar på brot
Eg spør kva han driv med til vanleg. Som svar tek han opp eit blankt papirark, riv det i to og held det fram.

- Vi reknar på brotflata.

Ein skulle tru at slikt ikkje var mogleg, at taggane kjem fram heilt tilfeldig. Og det var ikkje mogleg heller, fram til for 5-10 år sidan, fortel fysikkprofessoren.

Eit anna forskingsfelt illustrerer han med eit timeglas. Glaset er fylt med luft, og det gjer at sanden renn ujamt gjennom innsnevringa i midten. Dette kan ein også rekne på.

- Men kan ei nytte dette til noko?

- I høgste grad. Dette siste er interessant ved bygging av store siloar - ein silo er tusen gonger meir utsett for å bryte saman, enn andre bygningar i same storleik.

Hansen har vore med og danna eit naturvitskapleg forskingsprogram innafor området komplekse system og mjuke materialar. Gruppa heiter "Complex" og er sett saman av forskarar frå NTNU, Universitetet i Oslo og fysikkavdelinga ved Institutt for energiteknikk.

Amnesty
Frå kompleksitet til etikk: Alex Hansen er aktivt medlem av Amnesty. Han har klare meiningar om fysikaranes samfunnsansvar. Det gjeld ikkje minst krig og våpenforsking. Hansen er ein av underskrivarane av oppropet mot krig i Irak.

- Kva med våpenforsking - om til dømes Kongsberg Våpenfabrikk bad deg rekne på banen til ein luft-til-bakke missil: Ville du...

- ...sagt nei. Tvert nei. Det finst ting ein ikkje bør gjere. Det gjeld oss alle.

Tekst og foto: Tore Oksholen