MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Fare for flyktninge-katastrofe i Irak (7.2.03, 14:08)

Dersom USA går til krig i Irak, kan hundretusen sivile bli jaga på flukt. - Situasjonen kan verte svært alvorleg, åtvarar FN-ekspert Francis Deng.

Dr. Francis Deng er FNs spesialrådgjevar for internflyktningar. Han vitja Trondheim fredag under ein forskarkonferanse om tvungen migrasjon.

Globalt er det i dag om lag 12 millionar flyktningar (i.e. flyktar over landegrenser), medan minst 25 millionar er internflyktningar. Spesielt etter den kalde krigen har talet på internflyktningar auka. Det er ei indre samanheng mellom desse to typar fordrivne: Når land stenger grensene, går talet på "tradisjonelle" flyktningar med, medan internt fordrivne går opp.

Francis Deng: - FN førebur seg på det verste, men ein vonar framleis at krig kan unngås.
Stenger grenser?
Dersom det vert krig i Irak, kan hundretusen av sivile irakarar bli driven frå heimane sine. Dette kan gje svært alvorlege følgjer, seier Deng.

- Dersom nabolanda stenger grensene, og ein ikkje har godt nok apparat for å ta seg av dei fordrivne, kan dei humanitære konsekvensane blir store, seier Francis Deng.

Suverenitet ei hindring
Internflyktningar utgjer ein utfordring for det internasjonale samfunnet fordi dei er i det landet kor dei er statsborgarar, og derfor er dei også framleis statens ansvar. På grunn av suverenitetsprinsippet, har det vore vanskeleg for det internasjonale samfunnet å gripe inn i konfliktar og hjelpe desse menneska. Dette endra seg likevel noko etter Irak-krisen på byrjinga av 1990-tallet, då det internasjonale samfunnet - med EU og USA i spissen - etablerte sikre soner for kurdarar inne i Irak. Dette var eit vendepunkt i korleis det internasjonale samfunnet tenkte om internflyktningar. I dag er temaet igjen aktuelt. Spenninga i kring ein ny krig i Irak vil kunne føre til nye hundretusen på flukt.

Kurdarar
Kurdarane er ein gruppe flyktningar som kan hamne i ein ekstra skvis, ved eventuell krig, fordi både Tyrkia og Iran er svært redde for kurdisk nasjonalisme, og derfor vil vere lite lystne på å opne gransane sine for slike flyktningar.

Men også andre etniske minoritetar kan få særlege problem, seier Deng.

- Både shiamuslimene i sør og beduinane kan hamne i ekstra vanskar. Shiane vart utsett for hard forfølging etter føre krigen, og er utsett også nå.

Kven styrer etterpå?
FN er budd på at flytkningeproblemet kan oppstå, seier han. Men det er uråd å spå korleis, og kor stort, problemet blir.

- Det heng ikkje misnt på kven som styrer Irak etter at ein eventuell krig er over. Dersom det er anti-saddamistar som rår, kan andre grupper verte drivne på flukt.

Internasjonalt forskarnettverk
Tema for konferansen er "Researching internal displacement: state of the art". Konferansen representerer oppstarten på et internasjonalt forskarnettverk om internflyktningar. Konferansen er støtta av Noregs forskingsråd, Arena utviklingsforsking og Geografisk institutt, NTNU.

Tekst og foto: Tore Oksholen