KONFERANSE: Er Norge ein industrinasjon?
(7.2.03, 09:59) Industrien står for bare 10 prosent av verdiskapinga i Norge. Det kjem til å bli verre. Mange bedrifter flaggar ut. Men nokre klorer seg fast. Korleis får dei det til? "Should I stay or should I go?" Tittelen på ei Clash-låt var tittelen på ein konferanse om næringsutvikling i Norge. Fører høge lønskostnader og stiv kronekurs til at det vert umogleg å drive industri her til lands?
Det var lite oppløftande tal som seminarleiar Heidi C Dreyer frå Sintef Økonomi og logistikk la fram. For høyr bare:
- 14 prosent av oss arbeider i industrien. (Offshore ikkje inkludert.)
- Industrien står for 10 prosent av verdiskapinga.
Men samstundes står industrien for 29 prosent av den totale norske eksporten. Vi kan med andre ord ikkje leve av å klippe håret på kvarandre, eller å stelle og ta vare på kvarandres gamle og utsletne foreldre. Levestandarden vår er avhengig av at vi kan selje eitkvart til utlandet.
60.000 ned
I eit slikt perspektiv er det urovekkjande at prognosane spår færre arbeidsplassar i industrien. I 2001 var 277.000 sysselsett i industrien.
Noregs Bank spår om nedgang på 60.000 arbeidsplassar fram mot 2010 - ei nedgang på 22 prosent.
Andre har vore endå meir pessimistiske. Finn Jebsen i NHO har spådd 100.000 tapte arbeidsplassar i løpet av dei næraste åra.
Det har vorten ei etablert sanning at Norge er for dyrt eit land for bedrifter som vil tene pengar. Både lønningar og kronekurs er altfor høg. Fleire og fleire verksemder vel derfor å flytte til lavkostland.
Men andre blir verande.
|
Mustad flaggar ut: - Viss ikkje, går vi under, seier Per Olav Olsen. |
Mustad fór ut
Familieverksemda Mustad på Gjøvik har vore hjørnesteinsbedrift i meir enn hundre år. Fabrikken produserer fiskekrokar, og har vore i familien i seks generasjonar. Noverande direktør heiter Hans Holth Mustad.
Også slekta mange andre sentrale medarbeidarar har vore med sidan slutten av 1800-talet. Per Olav Olsen, som var i Trondheim og snakka om framtida for Mustad, er femte generasjon, medan dotter hans også jobbar der.
Olsen leiar arbeidet med å byggje ny fabrikkbygning i Wuxi, Kina. Snart står den ferdig, og då vert det meste av krokproduksjonen flytta dit.
Det er mange sterke kjensler omkring flyttinga, fortel Olsen. Kvifor gjorde dei det?
- Ville gått under
- Fordi vi ville gått under om vi sat stille. Vi merker det globale trykket stadig sterkare, og har misst 150 tilsette dei siste fem åra, sa Olsen.
- Våre konkurrentar går til åtak på oss på heimemarknaden, og dei gjer det med låge priser og stigande kvalitet. Konkurransen kjem dessutan frå område i verda kor viktige marknader ligg - mellom anna Kina og Korea.
Olsen stilte sjølv spørsmålet om Mustad har ein grådig eigar, som tener godt men som vil tene endå betre. Svaret han gav, var - ikkje overraskande - klart og tydeleg "nei."
Historia ikkje avgjerande
- At vi har tent gode pengar her heime i meir enn hundre år, får ikkje vere avgjerande for kva val vi gjer i dag. Vi kan ikkje seie "skit i Mustad, leve Gjøvik," sa Olsen.
Så presenterte han det endelege argumentet for flytting: Mustad sine lønskostnader ligg på femti prosent. Då er det mykje å spare på å etablere seg i eit land der løna er ein brøkdel av kva arbeidarane på Gjøvik må ha.
|
Ekornes blir verande: - Det er ikkje noko nytt at Norge er eit høgkostland, seier Ola Arne Ramstad. |
Ekornes vart heime
Ein anna hjørnesteinsbedrift som sleit mykje for nokre år sidan, er Ekornes på Møre. Ola Arne Ramstad var møtt fram for å fortelje kvifor dei ikkje ville flytte ut av landet.
Ekornes lagar stressless-stolar, sofaer bygd over same konsept, og Svanemadrassen.
Den kan hende viktigaste forskjellen mellom Ekornes og Mustad er lønskostnadene. Hos Ekornes er dei på 15 prosent, på stolproduksjonen.
Ekornes valde å knytte lønningar til yting. Dermed produserer arbeidarane på akkord ? ei grunnløn i botnen, med betaling per produsert eining på toppen.
Dette er kopla til eit sterkt fokus på tid og effektivitet. Det siste tiåret har ein redusert produktspekteret, og einsretta produksjonen.
- Tid er pengar
- Vi måler heile tida kor mykje tid det går med til å lage ein stol. Såleis har den gått ned frå sju timar tidleg på nittitalet, til tre timar i dag, fortalde Ramstad.
Dette fokuset på produktivitet er visualisert ved at ein har sett opp TV-monitorar rundt om i fabrikklokala. Skjermane viser tre søylediagram: Den eine viser måltalet for talet på stolar den dagen; den neste kor mange som er laga utover dagen (kvar stol får avlest ein strekkode med det same den er ferdig), medan den siste viser kor mange som er att.
- Målet er sjølvsagt at når dagen er omme, skal søyle 1 vere lik søyle 2, medan søyle 3 skal vere lik null.
Ramstad hevdar at arbeidarane er tilfreds med systemet. På spørsmål frå Universitetsavisa sa han at gjennomsnittleg timeløn "på golvet" er på 145 kroner. Det er stor variasjon i kor mykje kvar einskild vel å arbeide.
Salsapparat
På marknadssida har ein bygd opp eit system med nøye utveljing av forhandlarar. Dei får tildelt eit spesifikt salsområde, og Ekornes nyttar avanserte dataprogram for å rekne ut salspotensialet kvar butikk har, ut frå kva for folk som bur i området.
Ein er også svært fokusert på merkevarebygging. Argumentasjonen er velkjend i frå marknadsstrategiar som Nike og andre har bygd opp. Ramstad:
- Vi sel ikkje berre ein stol: Vi sel ei oppleving.
Han konkluderer med at det er fullt mogleg å drive industriell produksjon i Noreg. Føresetnaden er at ein er villig til å tenke nytt - og at ein er ivrig på å utvikle ny og moderne produksjonsteknologi. Dei tilsette på Ekornes ser ikkje automatisering som eit trugsmål, men som opning for nye moglegheiter, seier han.
- At Noreg er eit høgkostland, er ikkje noko nytt. Slik har det vore i mange år. Det det kjem an på, er å finne opningane.
Konferansen gjekk av stabelen onsdag og torsdag, og vart arrangert av P2005 i samarbeid med NTNU og Sintef.
Tekst og foto: Tore Oksholen |